Stem på din favoritt i Årets Gründer 2018

F.v: Joachim Vie (Norse Feedback), Edgeir Vårdal Aksnes (Tibber) og Jonny Bjørnset (Fjordpanel), er handplukka av juryen som finalistar i Årets Gründer.

10. oktober 2018 –  Inger Marie Lien

Norse Feedback, Tibber og Fjordpanel er klare til å kjempe om tittelen Årets Gründer 2018. No kan du vere med å stemme på din favoritt.

Årets gründer 2018

2. november skal «Årets Gründer 2018» kårast der vinnaren får med seg 100 000 kroner til nyskapinga si. Utdelinga skjer under Temposeminaret i Florø, der banken i ei årrekkje har vore med som sponsor. Prisen er samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Kunnskapsparken og Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Les meir om Tibber
Les meir om Fjordpanel
Les meir om Norse Feedback

Venteliste på ladeboks og pulsmålar

Tibber var med som finalist i 2016, og kom då på ein sterk 2. plass. Sidan då har bedrifta vakse både i tilsette og brukarar, og har lansert fleire produkt. No nyleg hadde dei eit event i Oslo der dei lanserte tre store nyheiter; smart ladeboks for elbil, pulsmålar til huset og ein «power-up» for Mill panelomnar.

Ladeboksen Eeasee til el-bil skal ifølgje Aksnes gi deg 20 prosent lågare pris på straumen til bilen. Pulsmålaren til huset måler forbruket til bustaden annakvart sekund og sender det til Tibber-appen.

– Vi fekk kjemperespons i Oslo. Timinga inn mot el-bilmarknaden er heilt perfekt. Vi fekk fem gonger så mange bestillingar som vi hadde berekna både for pulsmålaren og for ladeboksen berre i løpet av den første veka. No er det venteliste på begge produkta, seier Aksnes.
I tillegg til å fjerne alle mellomledd mellom kunde og straumprodusent, jobbar Tibber også for å bli best på el-billading og kundane kan no kople elbilar frå Tesla, BMW, VW og Volvo rett inn i appen deira.

Fjordpanel kjøler seg ned sjølv

I Ortnevik finn vi årets andre finalist. Der har trekløveret Rune Hjelmeland, Jonny Bjørnset og Helge Dyrrdal starta opp bedrifta Fjordpanel. Selskapet produserer plater av ikkje brennbart materiale til bruk i innreiing av båtar og skip. Platene er av silikat, eit materiale som har lågare vekt og høgare brannsikkerheit enn det som har eksistert på marknaden til no.

– Fordelen med silikat er at dei kjøler seg ned sjølv. Når du kjem over ein viss temperatur skil dei ut krystallinsk vatn som kjøler dei ned, så dette er eit produkt som det er veldig spennande å jobbe med, forklarer dagleg leiar Rune Hjelmeland.

Fjordpanel er eit samarbeid mellom tre selskap med lang fartstid innan skipsindustrien: Fjordesign og Ortnevik Tre, og Vestnes Norway i Florø.
– Det siste året har det løsna veldig for oss. No har vi selt alt vi har produsert, og har ikkje kapasitet til meir endå. Fjordpanel blei etablert i fjor haust, og sidan då har det gått i eitt. Vi jobbar døgnet rundt, men det er sjølvsagt grådig moro at det går så bra, seier Bjørnset.

Mindre papir og penn gir ein lettare pasientkvardag

Norse Feedback er eit individuelt tilpassa tilbakemeldingsverktøy som skal sikre ein betre og lettare kommunikasjon mellom pasient og behandlar innan mental helse. Løysinga har allereie fått god respons frå både inn- og utland.

– Gjennom eit forskingsprosjekt såg ein behovet for å komme opp med eit nytt tilbakemeldingssystem som tok omsyn til behova til både pasient og behandlar innan mental helse. Resultata frå forskinga var så gode at Helse Førde ville kommersialisere dette, fortel Joachim Vie, dagleg leiar i Norse Feedback.

– Med den nye løysinga kan pasienten sitte heime i fred og ro og fylle ut kartlegginga. Det som er spesielt positivt, er at kartlegginga fortløpande tilpassar seg pasienten sine tilbakemeldingar, og såleis gir den enkelte pasient ei meir persontilpassa oppleving. Svarer ein til dømes «nei» på noko som omhandlar rusmidlar, så får ein ikkje fleire spørsmål om dette, forklarer Vie.

Vanskeleg å velje ut

Juryen består i år av: Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar hos Innovasjon Norge Sogn og Fjordane, Kjetil Kvåle dagleg leiar i Kunnskapsparken Sogn og Fjordane og Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Det kom inn mange forslag på kandidatar, så det å velje ut tre finalistar, var ei vanskeleg oppgåve. Men vi blei einige til slutt, og vi meiner det er eit høgt nivå på dei vi har valt ut, seier Kjetil Kvåle.

Vinnaren av Årets Gründer får med seg 100 000 kroner, medan 2. og 3. plass får ein pengepremie på høvesvis 60 000 og 40 000 kroner.

Temposeminaret i Florø har gjennom 18 år vore det leiande og største inspirasjonsseminaret for næringslivet i Sogn og Fjordane.

–  Det er veldig kjekt at vi får plass på programmet til Temposeminaret for å dele ut prisen. Vi når eit breitt publikum, og rammene rundt seminaret passar godt i lag med verdiane og målet med prisen, seier Trond Teigene.

Årets Gründer

Målet med prisen er å stimulere til innovasjon og nytenking i Sogn og Fjordane. Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Kunnskapsparken Sogn og Fjordane.

Tidlegare vinnarar

2017: Loen Skylift
2016: nLink
2015: GRS Riflestocks
2014: Intempo
2013: Melin Medical
2012: Highsoft