80.000 kroner fordelt på 12 prosjekt over heile fylket

Visste du at din organisasjon kan sende inn forenkla søknader heile året for gåvemidlar opp til 10 000 kroner? Sjå kven som fekk sist her! 

I denne runda har heile 12 lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane motteke til saman 80 000 kroner gjennom  «Forenkla søknad». Gjennom «forenkla søknad» er det mogleg å søke om allmennyttige gåver på opptil 10 000 kroner.

Ditt lag og organisasjon kan søke om «forenkla gåvemidlar» heile året. Gåvemidlane kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, som vert forvalta av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Her er dei siste gåvene delt ut i «Forenkla søknad»-kategorien : 

Dråpen i Havet – Temakveld i Sogndal –  10 000 kroner

Florø Husflidslag – Quiltegruppa – Toalettmapper til bebuarar ved krisesenteret – 10 000 kroner

Naturvernforbundet Sogn og Fjordane – Eit meir miljøvennleg Malakoff – 10 000 kroner

Svanøy Grendautval – Oppgradering av kaiområdet- 10 000 kroner

Eid Handball – Drakter til dei minste – 5 000 kroner

Førde Volleyballklubb – Volleyballskule – 5 000 kroner

Gaular Idrettslag – Førstehjelpsveske til alle aldersbestemte lag- 5 000 kroner

Gnist – Kor-konsert –  5 000 kroner

Gulen og Masfjorden Utvikling – Etablering av kvinne-bedriftsnettverk –  5 000 kroner

Oikos Sunnfjord – Øko-veka i Sunnfjord  –  5 000 kroner

Svelgen Songlag – Kor-konsert- 5 000 kroner

Voksne for Barn – Indre Nordfjord – Foredrag på Verdensdagen for psykisk helse- 5 000 kroner

Vi gratulerer og ønskjer lykke til med prosjektet!