2 millionar til Vitensenteret i Kaupanger

Mottok gåva: Tor Arne Ness, Marianne Jevnaker frå Vitensenter-gruppa mottok gåva frå banken sin utsendte,  Jan Petter Vadheim.

– Senteret vil  kome barn og unge frå heile fylket til gode, seier banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Jan-Petter Vadheim.

Tysdag var det avsparksmøte for planlegginga av Vitensenteret Sogn og Fjordane AS i Kaupanger. Rundt 50 personar frå næringslivet, skuleverket og andre interessentar var samla i Sogndal for å få vite meir om planane.

Der dukka og banksjef for bedriftsmarknad i Sparebanken Sogn og Fjordane i Sogndal, Jan Petter Vadheim, opp. Med seg hadde han ei gåve på 2 millionar kroner av banken sitt overskot, som er forvalta av eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Pengane vert gjeve med atterhald om at øvrig finansiering fell på plass.

– Prosjektet Vitensenteret Sogn og Fjordane har allereie kome langt på veg. Får dei senteret på plass, følgjer vi opp med 2 millionar av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane til å utvikle fantasifulle utstillingar der ungar i alle aldrar kan lære og utforske fenomen, seier Vadheim, og utdjupar:

– Dette er eit spennande og modig prosjekt. Overskotet vårt skal gå tilbake til lokalsamfunnet midlane kom i frå, og vi trur nærmiljøet, skular og barnefamiliar frå heile fylket får stor  glede av dette senteret. No håpar vi resten av finansieringa kjem på plass, slik at dette kan bli ein realitet.

Vitensentera er populærvitskaplege opplevings- og læringssenter innan matematikk, naturvitskap og teknologi der skuleelevar og besøkande lærer gjennom å prøve ut og eksperimentere sjølve. Det er etablert totalt 10 Vitensenter kring i landet; men ingen i Sogn og Fjordane. Det ønskjer prosjektgruppa for Vitensenteret å gjere noko med.

– Vitensenteret vil vere ein plass til inspirasjon og læring. Her vil både lærarar og elevar få utfolde seg, og det vil vere ei komplimenterande læringsarena i høve den vanlege undervisninga. Dette skal bli både spennande og lærerikt, og senteret vil også vere der for fritidsbesøk både helgar og feriar. Vi er utruleg takksame for at Sparebanken Sogn og Fjordane viser veg for dette spennande prosjektet, og dette gir energi for alle oss som jobbar med dette til å stå på vidare. Om alt klaffar, skal senteret opne allereie i 2020, fortel Tor Arne Ness, styreleiar i Vitensenteret i Sogn og Fjordane AS.