Slik unngår du skadesmell

På tide å gjere huset klart for hausten

Norge har opplevd ekstremvêr både vinter og sommar det siste året. Det gir store utslag hos forsikringsselskapa. Og no har årets haustvêr slått inn over fleire stader i landet. Er du klar? 

Vinteren i fjor var kald og snørik, medane sommeran var rekordvarm og knusktørr.
–  Norske forsikringsselskap har fått inn meir enn 170 000 skademeldingar så langt i år. Det betyr at nordmenn har fått utbetalt 4,4 milliardar kroner i erstatningar, seier fagsjef på forsikring i Sparebanken Sogn og Fjordane Toril Haugen. Kvar skade har i gjennomsnitt kosta over 25 000 kroner.

Brann og vatn

–  Skadetala våre viser størst auke på hytter og hus, og det er vatn og brann som er hovedårsaka, seier Haugen.
Trenden blir bekrefta av tal fra Finans Norge for første halvår 2018. Brannerstatningane så langt i år er på 1,5 milliardar kroner, 14 prosent opp frå same tid i fjor. Erstatningane etter vasskadar er på nesten 1,5 milliardar, heile 30 prosent opp frå i fjor.

Erstatningane til private hus, hytter og innbu har skote i vêret med nesten 25 prosent sidan i fjor.

– Det er voldsomme tal for heile bransjen. No må folk førebu seg på hauststormane, dei blir det nok fleire av. Tala våre viser at storm er årsaka til 25 prosent av hytteskadane som blir meldt inn til forsikringsselskapa, seier fagsjefen.

Ver førebudd – unngå skadesmell

Dei fleste typiske skadane på hus og hytter oppstår gjennom hausten og vinteren. Ved å ta grep no kan du unngå mange av skadane. Ein analyse utført av Frende Forsikring, viser at 80 prosent av stormskadane skjer om vinteren.
Kva bør ein gjere for å vere førebudd på hauststormane?

–  Rens takrennene, sjekk at taket er intakt og rydd vekk lause gjenstandar som har stått ute gjennom sommaren. Det er også lurt å sjå etter sprekkar og hol i veggane, og tette desse. Du ønskjer ikkje at skadedyr kryp inn til deg når temperaturen fell, seier Toril Haugen.

Tal frå Finans Norge viser at det i tillegg til vatn- og brannskader har vore ein stor auke i tal kaskoskadar så langt i 2018. Auken er på nesten 55 prosent sidan i fjor.

–  Ein typisk kaskoskade etter ein snørik vinter er takskadar på grunn av tung vekt frå snøen, seier Haugen.

Sjekkliste for hausten

Hald sluk, rister og avløp opne 
Fjern rusk og rask frå fjorårets vinter før hausten kjem. Gå over ein ny runde når lauvet frå trea har falle ned før vinteren. Sjekk at takrennene er heile og at regnvatn får renne fritt vekk nede på bakken. Hugs at tilstoppa, knekte eller frosne takrenner kan skade bygningen.
Sjekk taket etter fjoråret
Ligg huset eller hytta i eit snøutsatt område? Har du sjekka korleis det ser ut etter fjoråret? Gå over taket og sjå etter sprekkar og bristar, og om noko er skeivt. Sjå også godt over hjørne og området rundt pipa. Viss du finn noko gale, fiks det eller bytt ut ødelagte deler.
Rydd uteområdet
Sikre lause gjenstandar som gjerne har lege ute gjennom sommaren. Sjekk at gjerde er solid festa, rydd vekk lause leikar og pakk ned eller sikre trampolina.
Fyll opp vedlageret
Du vil takke deg sjølv den første mørke fredagskvelden når alt du vil er å synke ned i godstolen med fyr i peisen.
Tett sprekkar og hol frå utsida
Når gradestokken kryp nedover søker mus og gnagarar inn. Dei kjem seg inn gjennom veldig små hol, så gå over bygget og tett igjen gliper og små opningar.
Sjekk tre på eigendommen din
Har du tre på eigendommen, i nærleiken av bustad eller uthus? Sjekk at dei er rusta for sterke vindkast.
Sjekk brannsløkkingsutstyret
Dette må du ha orden på gjennom heile året, men det er ein fin rutine å sjekke dei som ein del av førebuingane til hausten. Har du brannalarm i alle rom? Er batteria i varslarane bytta? Har du brannsløkkingsapparat lett tilgjengeleg? Snu det opp ned, sjekk at det ikkje er utgått på dato.