Stolt støttespelar til Kraft i Vest

For sjette år på rad blir energikonferansen Kraft i Vest arrangert på Sandane. Her møtast energibransjen og anna næringsliv, politikarar, myndigheiter og akademia for å lære om og diskutere dei mest aktuelle tema innan energifeltet.

Årets program vil gi innsikt i politiske visjonar for eit grønt næringsliv, teknologiske og miljøvennlege nyvinningar og innovative bedriftskulturar.

Variert program
Til konferansen kjem mellom anna leiar av Arbeiderpartiet, Jonas Gahr Støre, og fortel om korleis han og partiet vil tilretteleggje for eit grønt næringsliv i framtida. Administrerande direktør i Innovasjon Norge, Anita Krohn Traaset, vil gi verktøya ein treng for å skape innovasjon. Samstundes vil Tina Saltvedt frå Nordea, gi eit innblikk i korleis klimaet endrar energi-marknadane.

Kraft i Vest er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane Energi, Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Høgskulen på Vestlandet og Sparebanken Sogn og Fjordane. Datoen er 27. og 28. september i Trivselshagen.

– Vi i Sparebanken Sogn og Fjordane jobbar heile vegen for å endre oss i takt med den teknologiske utviklinga, og samtidig er det avgjerande at vi og resten av næringslivet tar eit større miljø- og framtidsansvar, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Banken har ved fleire høve støtta ulike klima- og miljøprosjekt gjennom sine gåvetildelingar. Valutameklar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Torgeir Strandenes, skal halde eit innlegg i løpet av konferansen.

Viktig med tverrfagleg samarbeid
– I Sogn og Fjordane har vi mange småkraftverk, vi har god tilgang på naturressursar og vi tar ein posisjon for å skape eit grønare næringsliv. Det er framleis eit stort potensiale innan dette området, så det å samle bedriftene til ein slik konferanse, er viktig for å dele kunskapen som er der ute, og for å skape nye samarbeid. Vi må tore å samarbeide på tvers av bransjar for å finne nye idear og moglegheiter, som vidare kan generere nye kompetansearbeidsplassar i fylket, seier Teigene.