Kaupanger-keeper fekk Furorestipend på heimebane

Kaupanger-keeper Linn-Mari Nilsen (19) frå Sande vart overraska med eit Furorestipend på 50.000 kroner under Gaularmarknaden.

Årets tredje Furorestipend vart delt ut på Gaularmarknaden søndag. Linn-Mari Nilsen trudde ho skulle heim til Sande for ein «surprisebursdag» for faren sin, men det var ho som endte med å bli overraska. Ho vart nemleg ropt opp frå scena for eit Furorestipend på 50.000 kroner.

– Det var kjempekjekt å få dette stipendet. Eg vart veldig overraska, og hadde ikkje forventa det i heile tatt. Det vil hjelpe meg med den vidare satsinga, og eg tenker å bruke pengane på reiseutgifter og nytt utstyr,  smiler Linn-Mari Nilsen.

Linn-Mari trudde ho skulle heim for å overraske pappa på bursdagen. I staden var det ho som fekk seg ei uventa feiring.

– Eg har alltid spelt fotball, og er glad for at eg får gjere det kvar dag. Min draum er å komme på A-landslaget og det målet gjev meg driv til å jobbe hardt, seier ho.

Stipendet vart delt ut av Katrine Osland og Dagfrid Vallestad Brevik frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

– Linn-Mari Nilsen er eit supertalent og eit godt forbilde. Ho har allereie nådd langt i ung alder, og ho har ei lang og spanande karriere foran seg. Vi ønskjer ho lykke til vidare, og gler oss til å følgje med på ho framover, seier Osland.

Fagjuryen, er samansatt av personar med brei røynsle innan idrett, kultur og næringsutvikling frå fylket, skriv i grunngjevinga at dei har hatt følgt med på keeper-talentet lenge:

«Keeper Linn-Mari Nilsen frå Sande har, til trass for at ho berre er 19 år, vore på juryen sin «radar» ei stund allereie. I 2014 vart ho tatt med i Fotballforbundet sitt satsingsprogram «Morgendagens Enere», og debuterte på J15-landslaget. Året etter vart det overgang til Kaupanger, og vidare satsing på aldersbestemte landslag. Og i år bidro ho til å ta landslaget heilt til semifinalen i J19 fotball-EM i Sveits! Juryen understrekar òg at Linn-Mari har vist seg som svært treningsvillig og målretta, og er sterk i trua på at ho kjem til å nå sine mål; som kort og greitt er å bli proffspelar og spele på A-landslaget. Juryen gler seg til å følgje med i åra framover, og ønskjer lukke til vidare!»

Furorestipenda blir delt ut til talent frå Sogn og Fjordane i alderen 15-30 år innanfor 3 kategoriar: kultur, idrett og open klasse. Summen er på 50.000 kroner og kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, som forvaltast av eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Fristen for å søke gjekk ut 15. juni.

Til saman skal åtte unge talent få stipend i 2018, hittil er tre delt ut: 

Aleksander Raftevold (Musikk) 

Eivind Øygard (Friidrett) 

Linn Mari Nilsen

Juryen for furorestipendet 2018 har bestått av:

Stig Roger Eide (Firda)

Torill Faleide (Førdefestivalen

Trude Skarvatun (Førde kulturskule)

Terje Lyngstad (tidl. teatersjef, Sogn og Fjordane Teater & Hordaland teater)

Pål Fidjestøl (Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane)