Friidrett, motbakke og sjørøvartokt – alt på ei helg!

20. august 2018 –  Inger Marie Lien

I helga har det vore full rulle for Elin Ekorn og Kåre Bjørn som har deltatt både på Kongle NM på Byrkjelo og på Eikefjorddagane. I tillegg var vi med og arrangerte Mini Skåla Opp, men der strakk ikkje tida til for dei to sjarmørane våre.

Når NM i friidrett gjekk av stabelen på Byrkjelo i helga, var det mange som kom for sjå på at andre skulle springe, hoppe eller kaste. Mange tok nok turen for å få med seg Jakob og Henrik Ingebritsen sine løp, men i Kongleriket syns vi det er kjekkare å kunne delta litt sjølv også. Derfor arrangerte vi vårt eige Kongle-NM. Resultatet blei 150 deltakarar i alderen 3-10 år som fekk prøve seg i ulike friidrettsøvingar. Og sjølvsagt var det premie til alle!

– Vi er med som stolt sponsor og vil rose arrangørane for eit godt gjennomført NM. Ekstra kjekt at vi får vere her og arrangere eit NM for dei minste. Målet er at ungane skal ha det kjekt og få oppleve ekte friidrettsglede, og det trur eg vi klarte, seier Ingunn Berg, kunderådgjevar på Sandane.

Vått og flott motbakkeløp
Litt lenger inn i fjorden gjekk Skåla Opp av stabelen. Også her er vi med som sponsor og vi arrangerer derfor Mini Skåla Opp. Det er eit motbakkeløp for barna som går frå Tjugen  28 m.o.h. og opp til Tjugensætra på 365 m.o.h. I tillegg til løpet var det ulike Konglekonkurransar  og – aktivtetar i startområdet.

– I år var dessverre ikkje vêret heilt på vår side, men vi gjennomførte og deltakarane våre var fornøgde, trass i at dei blei våte, fortel Odd Kjetil Tonning, banksjef i Nordfjord.


Sjørøvertokt i Eikefjord
Det var ikkje berre i Nordfjord det var liv og røre i helga. Eikefjorddagane blei arrangert for femtande gong, og vi har vore med sidan oppstarten. I år hadde vi med oss «Svanhild» og inviterte til sjørøvertokt for små og store.

– Vi har vore med som støttespelar for Eikefjorddagane sidan oppstarten for 15 år sidan. Eit flott arrangement som vi er stolt over å kunne vere med å støtte, seier banksjef Ole Aukland.

I Kongle-NM er det litt andre konkuransegreiner enn i andre meisterskap. 

Grått og vått vêr stoppa ikkje denne gjengen frå å ha ein kjekk dag i Mini Skåla Opp!

I Eikefjord kunne små og store vere med på sjørøvertokt ombord i «Svanhild»