BILLÅN ELLER INKLUDERE BIL I BUSTADLÅN?

1. august 2018 – Helene Sunde

Når du tar opp eit billån, låner du pengar med pant i bil. Kjøper du bil ved å auke opp bustadlånet, ligg sikkerheita derimot i bustaden. For å avgjere kva slags finansiering som er den smartaste løysinga for deg, vil faktorar som eigenkapital, nedbetalingtid, fleksibilitet, samt behandlingstid før du får utbetalt lånet, vere viktige.

Sidan rentene ofte er lågare på eit bustadlån enn eit billån, vel fleire å bake inn bilen i bustadlånet. Her er det derimot store renteforskjellar å hente på å fylle opp kravet til eigenkapital på billån. Så lenge du har ein del eigenkapital sjølv, vil du kunne få ei grei rente også på billånet. Å spare opp eigenkapital, og redusere desse renteforskjellane, kan derfor vere lurt.

Sjå oversikt over våre lån til køyretøy

Løpetida på eit billån blir lagt opp i samsvar med verditapet på bilen. Dette sikrar deg frå å sitje med eit billån som er høgare enn verdien på bilen din. Bakar du derimot bilen inn i bustadlånet, vil nedbetalingstida følgje bustadlånet, og ofte vere eit tosifra antall år. Dermed er det ikkje sikkert at lågare bustadlånsrente vil medføre mindre rentekostnader. Det vil derfor vere lurt å justere avdragsbeløpet på bustadlånet slik at du unngår å betale på bilen i unødvendig mange år framover.

Har du stor ledig sikkerheit i bustaden din kan det vere ei god løysing å bake bilen inn i bustadlånet. Har du derimot låg sikkerheit, vil innbakinga redusere fleksibiliteten på bustadlånet. Ved å inkludere bil i bustadlån vil denne ta opp plass til eventuelle dyrare bilkjøp i framtida, oppussing eller moglegheit til å hjelpe born med kjøp av bustad. Ver også oppmerksam på at dersom du først har kjøpt bil med pant i bustad så kan du ikkje i seinare tid endre lånet til eit billån. Eit billån må etablerast før ein kjøper bilen. Tar du derimot opp eit billån og ynskjer å endre dette over tid, så er det mogleg å søke om å få dette inn i bustadlånet.

Ein siste faktor er behandlingstid før ein får utbetalt lånet. Behandlingstida for eit billån er vesentleg kortare enn ved eit bustadlån. Sjølv om bil er ei stor investering, så kan det likevel vere problematisk å måtte vente lenge før ein gjennomfører kjøpet. Det kan derfor vere lettare å søke om eit billån framfor eit bustadlån.

Er du usikker på kva from for finansiering som er optimal for deg, ta kontakt med oss i dag, så finn vi ei løysing som passar for deg!