30 000 til folkemusikkurs for barn og unge

13. juli 2018 –  Inger Marie Lien

Visste du at det kvart år blir arrangert ein eigen sommarleir på Mo for barn og unge som er interessert i folkemusikk og-dans?

Torsdag var det duka for avslutningskonsert der kvar av gruppene fekk vise noko av det dei har lært gjennom veka. Til stades var også kunderådgjevar Dagfrid Vallestad Brevik for å dele ut 30 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som hovudeigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Vallestad Brevik har tidlegare vore både deltakar og lærar på kurset, og er i dag i A-klassen for solo hardingfelespel. Dette er eliteklassen for dei som gjennom to landskappleikar i klasse B (alle over 18 år) har oppnådd høg nok poengsum til å kvalifisere seg for A-klassen. Under gåvetildelinga i dag fortalde Dagfrid om kva Mokurset har betydd for ho, og hadde også med seg ein slått som ho framførte.

– Då eg telte over kom eg fram til at eg har vore deltakarar her sju gonger. Mokurset har gjeve meg veldig mykje inspirasjon og speleglede. Eg trur aldri eg øvde så mykje som vekene etter kom heim herifrå, fortalde ho frå scena.

–  Ein fryd å vere kursleiar
Ole Nilssen, folkemusikkoordinator i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, har vore ansvarleg for gjennomføringa av årets Mokurs, og tok i mot gåva med takk og bukk.

–  Vi er heilt avhengige av støtte for å få gjennomført kurset. Mokurset har svært høg kvalitet i alle ledd, og gåver frå m.a. Sparebankstiftinga gjer at vi kan reise på konsertar i Førdehuset, skaffe svært gode instruktørar til Mo, ete god mat, og sørge for at kurset elles blir så godt som mogleg – det fortjener ungdommen!

Dette er Nilssen sitt første år som leiar for kurset, og det har ifølgje han sjølv gått over all forventning.

–  Eg har vore lærar på durspel på Mokurs tre gonger før, men dette er mitt første kurs som leiar. Ei utruleg kjekk oppgåve med stadig spørsmål og oppgåver frå små håpefulle. Ungdommen no til dags er så skikkelege og trivelege at det er ein fryd å vera kursleiar, seier han.

I år har det vore til saman ca. 40 deltakarar med på Mokurs og den nye satsinga MiniMo.

–  Det er eit nytt opplegg i år for dei minste som ikkje er gamle nok til Mokurs. I år har vi også tatt Førdefestivalen meir i bruk enn før. Vi var både på Gallakonserten og på familiekonserten i Førdehuset under festivalen. Ungane var veldig fornøgd med eit fornya kursprogram, smiler den ferske leiaren.

Unik kursmoglegheit
Mokurset er det einaste sommarkurset i landet som særleg fokuserer på folkemusikk og dansetradisjonar på Vestlandet. Kurset blir gjennomført på Mo Jordbruksskule, og dei som deltek overnattar på skulen. Sidan oppstarten i 1984 har nærare 2 500 deltakarar vore innom.

– Mokurset samlar mange av dei ungdommane som held på med folkemusikk og folkedans til vanleg. Vi skapar ein felles regional møteplass der ungdommane blir kjent med kvarandre, og får ein sosial møtestad på tvers av geografi og alder. Vi leiger inn kursinstruktørar med svært høg kompetanse og gir ungdommane god fagleg ballast som dei tar med seg vidare inn i det folkemusikalske livet. Saman skaper vi sommarens vakreste eventyr i gode rammer på Mo!