DINE RETTIGHEITER SOM DELTIDSTILSETT

02. juli 2018 – Therese Wathne

Er du deltidstilsett eller på leit etter ein deltidsjobb, kanskje ein student som vil spe på med ekstra inntekter gjennom sommaren? det er mykje kring arbeidsforholdet ein må hugse på. Som deltidstilsett har du mange rettigheiter, uansett kva stillingsprosent du har. Dette innlegget vil koma i tre deler, der kvar av delane vil ta føre seg særskilde tema som vil vera aktuelle under ulike stadium i ditt tilsettingsopphald. Desse tema vil særleg vera knytt til høva før, under og etter arbeidsforholdet. Målet med ein slik gjennomgang er at du som deltidstilsett skal verte meir bevisst og kjend med rettigheitene dine.

Del I – Før Arbeidsforhold

Skaff deg arbeidskontrakt: Ei skriftleg arbeidskontrakt er det det fyste og viktigaste du skal få på plass når du byrjar i ny jobb. Arbeidskontrakten beskyttar både deg og arbeidsgjevar mot misforståingar om kva rettigheiter og plikter ein har. Arbeidskontrakten skal blant anna innehalde opplysningar om løn, arbeidstid og kva oppgåver du skal utføre. Det er også viktig å hugse på at arbeidskontrakten ikkje er bindande før den er underteikna av begge partar.

Krav til opplæring: Arbeidsgjevar pliktar til å gi deg opplæring. Denne opplæringa skal vera god nok til at du utan problem kan utføre den jobben du er tilsett til å gjera. Opplæringa skal blant anna omfatte korleis du skal utføre jobben, kva reglar som gjeld for sikkerheit og helse og kva lover og reglar som gjeld på arbeidsplassen. Dersom det er påbode å nytte verneutstyr i arbeidet, skal arbeidsgjevar både skaffe og betale utstyret for deg.

Den tida opplæring tek skal reknas som arbeidstid. Det vil sei at du har rett på løn for den tida som går med til opplæring.

Frikort eller skattekort? Dersom du tener kr. 55 000 eller mindre i løpet av kalenderåret trenger du ikkje betale skatt. Då må du bestille frikort hjå Skatteetaten som syner at arbeidsgjevar ikkje skal trekke skatt. Kjem løna derimot over kr. 55 000 er du skattepliktig og må bestille skattekort.

Lønn: Det er i utgangspunktet opp til deg og arbeidsgjevar å bli samde om løna du skal ha. Det finnast ingen lov som seier kva du skal ha i løn og det er heller ingen lovfesta minsteløn i Norge. Løna avtalast soleis fritt mellom deg og arbeidsgjevaren, men på mange arbeidsplassar finnast ein tariffavtale. Føreligg det ein tariffavtale vil denne avtalen ha føresegner om kva løna di skal vera.

Del II – Under Arbeidsforhold

Vi har no gått gjennom tema som vil vera aktuelle før eller i byrjinga av tilsettingsopphaldet ditt. I det vidare skal vi sjå nærmare på kva som gjer seg særleg gjeldande under sjølve arbeidsopphaldet ditt.

Feriepengar: Du har krav på feriepengar i tillegg til løna, uansett kor mykje eller kor lenge du har jobba. Feriepengar skal vera minimum 10,2 % av alt det du har tent dette året. Både vanleg løn, tillegg og overtid skal reknast med, og det e ikkje lov å legge feriepangane inn som ein del av løna. Etter avslutta arbeidsforhold har du rett til å få utbetalt feriepengane med ein gang du sluttar.

Overtid – overtidsbetaling er det tillegget du skal ha for å jobbe lenger enn avtalt arbeidstid. Arbeidsmiljølova sikrar deg at tillegget for overtid skal vera minst 40 % av vanleg timeløn.

Pausar – Du har krav på 30 minutt pause dersom du arbeidar ein vanleg arbeidsdag på 8 timar. Jobbar du meir enn fem og ein halv time per dag har du krav på mindre pausar. Dersom du ikkje kan gå ifrå arbeidsplassen i matpausen, skal matpausen reknast som del av arbeidstida. Dette betyr at du skal ha betalt for pausen også.

Helligdager og offentlige høgtidsdager – har verksemda du arbeidar for tariffavtale, er du sikra løn for alle «røde» dagar i kalendaren. Utan tariffavtale har du berre krav på løn for 1. og 17. Mai

Kva om du vert sjuk? Dersom du har arbeida minst fire veker hjå same arbeidsgivar har du krav på sjukepengar frå og med fyrste sjukefråværsdag.

Dei fyrste to månadene av arbeidsforholdet må du ha sjukemelding frå lege for å få rett til sjukepengar.

Har du arbeida på same plass i meir enn to månader, er det nok med eigenmelding dersom du ikkje er sjuk i meir enn tre kalenderdagar samanhengande. Dette gjelder for fire einskildtilfelle av sjukdom i løpet av 12 månader.

Obs-varsel for studentar! Er du student og mottek stipend og lån frå Lånekassen, må du hugse på at du ikkje kan tene så mykje du vil utan at dette vil få konsekvensar for utdanningsstipendet ditt. Lånekassens inntektsgrenser for kalenderåret 2018 er på kr. 177 257, dersom du har studiestøtte heile året. Det betyr at dersom du tener over inntektsgrensa, mister du delar av utdanningsstipendet ditt. Pass difor på at du ikkje kjem over inntektsgrensa om du ikkje vil ha reduksjon i utdanningsstipendet ditt.

Del III – Etter Arbeidsforhold

Oppseiing: Arbeidsgjevar skal ha svært gode og saklege grunnar for å seie deg opp. Oppseiinga må vera skriftleg for å vera gyldig. Oppseiinga kan til dømes vera sakleg dersom du ikkje har passa jobben din skikkeleg, eller verksemda må innskrenke.

Vel du sjølv å seie opp jobben, må dette gjerast skriftleg. Oppseiingstida er minst ein månad, dersom noko anna ikkje fylgjer av arbeidsavtala di.

 Attest: Ved avslutta jobb har du krav på ein skriftleg attest. Denne skal innehalde informasjon om kva du har gjort og kor lenge du har arbeida i verksemda. Attestar er viktige å ta vare på då dei vil vera eit skriftleg bevis på at du har hatt faktisk jobb med eit bestemt innhald.

Vi ynskjer deg lukke til med arbeidsforholdet!