Over 22 millionar til fylket

Hittil i år har 22,5 millionar kroner av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane gått tilbake til prosjekt over heile fylket. Og det er enno lenge igjen av 2018.

Kvart år deler eigarane til banken, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler, ut millionar i gåvemidlar frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot. Midlane går til kultur, idrett og næringsretta prosjekt.

Sparebanken Sogn og Fjordane har òg ein eigen gåvepott. Frå den er det gitt rundt to millionar kroner i 2018. Banken sponsar i tillegg rundt 50 lag og organisasjonar rundt om i fylket. Fleire av desse avtalane inneheld utviklingsprosjekt med klar overføringsverdi til andre klubbar.

– For oss handlar gåvetildelingane om samfunnsansvaret vårt, og vi følgjer ein sterk sparebanktradisjon ved å gi tilbake til lokalsamfunnet. Det er dei to eigarstiftingane våre som forvaltar overskotet, men gåvene og verdiane er det banken og kundane til banken som har skapt. Vi er stolte over å kunne vere synlege lokalt, både gjennom gåvene frå stiftinga, men også gjennom sponsoravtalar og eigne gåver gjennom banken, seier administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene.

No er Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane klare med si halvårlege liste, og utbytet frå banken har resultert i over 16 millionar kroner i gåver så langt i år. Fleire av desse er prosjekt som går over fleire år. Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har ei ny tildeling til hausten, med søknadsfrist 1. september. I tillegg kan ein fortløpande søke om tilskot opp til 10.000 kroner med «forenkla søknad».

Tidligare i år offentleggjorde Sparebankstiftinga Fjaler si årlege tildeling, der 4,25 millionar kroner gjekk tilbake til Fjaler-området.

– Lokalt eigarskap, lokale arbeidsplassar og lokalt engasjement er viktige drivkrefter for Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken vår er eigd i og av fylket gjennom Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler. Dette sikrar ein lokalstyrt sparebank med 270 kompetansearbeidsplassar med hovudkontor i fylket, og ein konkurransedyktig bank som gir lokale bedrifter betre tilgang på kapital, seier Teigene.

Fakta

  • Sparebanken Sogn og Fjordane har to eigarstiftingar; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler.
  • Gjennom utbytte frå banken gir stiftingane gåver til allmennyttige føremål i samfunnet.
  • Sparebankstiftinga Fjaler har søknadsfrist 1. mars kvart år, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane har to tildelingsrundar i løpet av året, éin med søknadsfrist 1.mars og éin med søknadsfrist 1. september. I tillegg behandlar dei søknader om inntil 10 000 kroner fortløpande.  Gåver i 2018 frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane per 20.06.2018:
    (Gåver som går over fleire år er og med i oversikta)

 

Aksello AS – næringsutviklingsprosjekt kr 350.000
Aktiv Kalvåg – Kalvåg kystfestival kr 45.000
Akvahub Hyllestad (treårig gåve, total gåve 1 million) kr 600.000
Almenning Skyttarlag – utstyr kr 20.000
Annai Poopathi Tamilsk Kultursenter avd Florø kr 10.000
Askrova Bygdelag – barnas integreringsdag kr 9.898
Askrova Bygdelag– utbedring grendahus kr 20.000
Askvoll og Holmedal Skyttarlag – innandørs skytebane kr 100.000
Atløy Kulturhus SA – utstyr kr 10.000
Balestrand Idrettslag – integrering kr 3.000
Bergkrystallen 4H – gapahuk kr 30.000
Brak – vidareutvkling av SOMU kr 100.000
Breimsbygda IL/NM friidrett kr 250.000
Brekke Skulemusikkorps – instrumenter kr 50.000
Bryggja Grendahus SA – møterom kr 10.000
Bryggja Grendahus Vel – nye møbler kr 10.000
Bryggja Skyttarlag – utstyr til barn kr 10.000
Bryggja Utviklingslag – discgolfbane kr 10.000
Bygstad Samfunnshus – utbedring grendahus kr 50.000
Byrknes Skulemusikk – storkonsert kr 15.000
Bystien Førde Opp v/Førde idrettslag – gratis deltaking skule-elevar kr 80.000
Dagsturhytter (treårig gåve, total gåve 5,2 millionar) kr 2.200.000
Eggenipa 4H – kanostativ og lavvo kr 10.000
Eid Frivilligsentral – utstyr til bua kr 50.000
Eikefjord Idrettslag – hjartestartar kr 25.000
Eikefjord Skulemusikk – trommegruppe kr 25.000
Farnes Skulemusikk – KM i Korps kr 10.000
Fjellklang 4H – gapahuk kr 30.000
Fjærland Idrettslag – drift kr 10.000
Fjærland UL– utbedre grendahus kr 30.000
F-Lan ungdomsbedrift – LAN-arrangement kr 2.000
Flatraket Idrettslag – trimløype kr 50.000
Flora Cycleklubb – utstyr treningsrom kr 50.000
Flora Hestesportklubb – vestlandsmesterskap i dressurridning kr 5.000
Flora Historielag – skilting av gamal bygrense kr 25.000
Florø Drill – uniformar kr 50.000
Florø Golfklubb – ferdigstille golfbane kr 100.000
Florø Hornmusikk – instrument kr 25.000
Florø Seilforening – følgebåt kr 50.000
Florø Sportsklubb fotballhall (fleirårig gåve) – ny hall kr 1.000.000
Florø Turlag – kajakkar kr 100.000
Florø Turn og Idrettsforening – inspirasjonsforedrag kr 50.000
Forbund for Utviklingshemma SFj – vinterleikar 2018 kr 5.000
Freidig 4H – ryddedugnad kr 6.000
Fure Idrettslag – bygging av trimrom kr 100.000
Fure og Våge Grendahus L/L – nytt anlegg kr 16.000
Furorestipend: Alexander Raftevold kr 50.000
Furorestipend: Eivind Øygard kr 50.000
Førde IL Friidrett – tidtakaranlegg kr 10.000
Førde Køyre- og Rideklubb – hinder-materiell kr 25.000
Førde Skulemusikkorps – nye uniformer kr 100.000
Gaularhallen Drift – utstyr kr 200.000
Gloppen Røde Kors Hjelpekorps – tilhengar kr 35.000
Gründersenteret i Sogndal – utvikling kr 100.000
Gøyanger – lagercontainer kr 10.000
Holvik Bygdelag – leikepark kr 30.000
Hornindal Næringslag – folkepark kr 50.000
Hornindal og Markane Skyttarlag – fibertilkobling kr 20.000
Hugin Musikkforum – konsertkonseptet «Fjelljom» kr 30.000
Hydrogensatsing fylkeskommunen (treårig gåve, totalt 1.925) kr 400.000
Høyvik Grendahus– utbedre grendahus kr 25.000
Idrettslaget Frøy – ballbinge kr 77.175
Idrettslaget Høyang Handball – oppvisingskamp kr 5.000
Idrottslaget Jotun – kretssymjestemne kr 20.000
Indre Nordfjord Turlag – satellitt-telefon og sikringsutstyr kr 10.000
Indre Ofredals Vener – oppgradere stabbur kr 50.000
Ingeniørstudium bygg & anlegg i Førde (treårig gåve, totalt 1 million) kr 250.000
Instedalen Skianlegg AS – vinterveke kr 10.000
Jølster Aurefest AS – fiskekonkurranse kr 60.000
Jølster Treningssenter SA – hjartestartar kr 10.000
Kaupanger IL – satsing kvinnefotball kr 200.000
Flora kommune – klatrepark kr 250.000
Gulen kommune – klatrepark kr 250.000
Krabbefestivalen på Atløy kr 15.000
Krokane Sør Velforening – gapahuk kr 50.000
Kunnskapsparken SF – gründer-bistand (treårig gåve, totalt 3 mill) kr 1.000.000
Kunstbygda Balestrand AS – utstilling kr 10.000
Kvammen Idrettslag – hinderløype kr 60.000
Kyrkjebø Skule og Ungdomskorps – beatlesprosjekt kr 5.000
Landbruksselskapet (treårig gåve, total gåve 900.000) kr 300.000
Lavik Skulemusikk – musikalsk prosjekt kr 25.000
Lavikdal Ungdomslag – utstyr kr 10.000
Leikanger Røde Kors – korpsuniformar kr 15.000
Leikanger Skulemusikk – seminar, aspirantkorps og utstyr kr 10.000
Lærdal Idrettslag – motbakkeløp Storehaugen Opp kr 10.000
Mardal Krins– utbedre grendahus kr 35.000
Maritim Foreining (treårig gåve, totalt gåve 1,3 millionar) kr 750.000
Måløy Seilforening – seilopplæring for barn kr 20.000
Naturvernforbundet i Sogn og Fjordane – strandrydding kr 140.000
Forbund for Utviklingshemma SFj – kulturfestival kr 50.000
Norddalsfjord Idrettslag – grasklippar kr 20.000
Norske Redningshunder Sunnfjord Lag – vestar til hundane kr 5.000
Norske Redningshunder, Indre Sogn Lag – beredskapsutstyr kr 30.000
Nytt høgskulestudium: førebygging av klimaendringar (treårig gåve, totalt 990.000) kr 250.000
Olden UL– utbedre grendahus kr 50.000
Oppedal/Brekke skyttarlag – opphaldsrom kr 50.000
Opplev Bremanger   – Bremanger rockweekend kr 45.000
Pensjonistforbundet Sogn og Fjordane – sommartreff + tiltak i lokallag kr 100.000
Rake Grendalag – leikeplass kr 10.000
Rivedal Bygdelag – trommel kr 10.000
Sanddal Grendalag – nye fotballmål kr 10.000
Skavøypoll Idrettslag – ny turnhall kr 200.000
Skifjorden Bedehus– utbedre grendahus kr 30.000
Skihytta Flofjellet – namneskilt kr 25.000
SNU/Jølster kommune – Astrup-film kr 800.000
Sogn og Fjordane Folkemusikklag – ungdomsprosjekt kr 40.000
Sogn og Fjordane folkemusikklag – Mo-kurset kr 30.000
Sogn og Fjordane Fotballkrets (toårig gåve, 750.000 totalt) – Miniløkker kr 375.000
Sogn og fjordane Friidrettskrins – treningssamlingar kr 150.000
Sogn og Fjordane Næringsråd – organisasjonsutvikling kr 400.000
Sogn og Fjordane Orienteringskrins – ungdomssatsing kr 15.000
Sogn og Fjordane Turlag – turprosjekt for barn og unge kr 100.000
Sogn Spel-og Dansarlag og Aurland Spelemannslag – fylkeskappleik kr 10.000
Sogndal Speidargruppe – nytt lager kr 100.000
Stad Bygdehus – stibygging kr 30.000
Stadlandet ul/Blikken– utbedre grendahus kr 70.000
Stegane Vel – oppruste leikeplassar kr 50.000
Stiftelsen Svanøy Hus (treårig gåve, totalt 300.000) kr 100.000
Stiftinga Sagastad – vikingskip kr 50.000
Stiftinga Utkant – Utkantfestivalen kr 65.000
Stiftinga Vestlandsforsking – ny masterutdanning reiseliv og innovasjon kr 200.000
Stipendiatstilling Tidlegkapital HiSF (fireårig gåve, 1.050 mill) kr 175.000
Stiprosjekt Naustdal – stibygging kr 10.000
Landbruksselskapet – storfeprosjektet (treårig gåve, totalt 600.000) kr 200.000
Stryn Motorsportklubb – barnebane kr 50.000
Stryn Næringssamskipnad – bidrag til koordinering næring-skule kr 37.500
Stryn Rotaryklubb – akivitetstur kr 6.000
Stårheim Idrettslag – fritidspark kr 100.000
Sunde Krins Grendalag – oppgradering lysløype kr 75.000
Sunnfjord Kunstlag – Gruppeutstilling kr 10.000
Sunnfjord Utvikling – lan-arrangement kr 100.000
Svanhilds Venner – sikringsutstyr kr 10.000
Svelgen IL – inspirasjonsforedrag kr 50.000
Svelgen Turn og Idrettsforening – motbakkeløp kr 25.000
Systrond Speidergruppe – kanoer kr 35.000
Tambarskjelvar Fotball – lydanlegg kr 7.000
Tambarskjelvar Idrettslag – nytt kunstgrasdekke kr 200.000
Teknoløftet HVL (treårig gåve, totalt 2 millionar) kr 500.000
Trivselsskogen SA – område til uteundervisning kr 100.000
Ungdomslaget Fremover/Trudvang– utbedre grendahus kr 40.000
Vevringutstillinga – klatreskulptur kr 25.000
Vikane Røde Kors – beredskapshengar kr 50.000
Viksdalen Idrettslag – løypeleggingsmaskin kr 70.000
Ytre Sogn og Sunnfjord Brass Band – musikktilbod kr 25.000
Ålhus Ungdoms- og Grendalag – sceneteknisk utrustning kr 70.000
Årdal Gospelkor – øvingshelg kr 5.000
Årdal og Helgheim Grendalag – planering av skileikområde kr 75.000
Åsen Vel – toalett ved gapahuk kr 50.000
SUM 16.159.573

 

Gåver i 2018 frå Sparebanken Sogn og Fjordane:

Aksello (Frukostmøter) 150.000
Florø Sportsklubb (Ny hall i Florø) 1.000.000
Kraft i Vest (Arrangement) 100.000
Naturvernforbundet (plastrydding) 10.000
Ungt entreprenørskap 750.000
SUM 2.010.000

 

Gåver frå Sparebankstiftinga Fjaler 2018:

(Les tidlegare publisert sak om desse gåvene og sjå totaloversikt her)

SUM : 4,25 millionar