800.000 til å få Astrup på filmplakaten

Astrups liv blir dokudrama.

Astrup-filmen er eit dokudrama som skal ta for seg dei mest ikoniske bileta til Astrup, som til dømes Jonsok-bålet. Filmteamet, med regissør Pål Øie i spissen,  har allereie starta filminga på Jølster. Filmen om Nikolai Astrup skal heite «Flammen over Jølster» og har planlagd premiere i 2019.

800.000 kroner av overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane, delt ut via eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane,  er gitt til spelefilm-prosjektet.

–  Ein film om Nikolai Astrup sitt liv og hans sterke forhold til heimtraktene vil styrkje både Jølster og Sunnfjord, og vil få positiv effekt for både omdøme og turisme. I tillegg håper vi at ein større filmproduksjon i seg sjølv vil skape engasjement og styrkje den lokale identiteten. Vi gler oss til å sjå det ferdige resultatet, seier Banksjef for Privatmarknad i Indre Sunnfjord, Elin Aaland.

Ondag var ei rekke sponosorar og gåveutdelarar på plass på settet til filmen for å sjå litt av innspelinga. av DNB-stiftinga og mange lokale bedrifter og privatpersonar har og gitt midlar til filmen.

– Utan lokalt engasjement hadde vi ikkje fått dette på plass, og er takknemlege for alle bidraga. Vi er veldig glad for at filminga no er i gong, sa ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg under samlinga.

Les meir om prosjektet her:

Firda Tidend: Det flamma over Jølster

Firda: Halve Jølster er med på Astrup-filmen