100.000 til Gründersenteret

 

Det nyoppstarta Gründersenteret i Sogndal får midlar til å vekse vidare. – Gåva er eit viktig bidrag, spesielt no i startfasen, seier dagleg leiar i FUS, Lisbeth Bringebøen.

Gründersenteret i Sogndal, FUS  vart etablert hausten 2017 og er samlokalisert med Innovasjon Norge og Kunnskapsparken i Sogn og Fjordane.  FUS er kontorfellesskapet for gründerar og etablert næringsliv på Campus Sogndal.

– FUS skal gjere det enklare for gründerar å starte opp ei bedrift.  Fellesskapet vårt skal gjere medlemmane i stand til å bygge og selje produktet sitt. Støtte, oppstartkapital, introduksjon til potensielle kundar og rådgjeving skal hjelpe dei med å få gjort dette raskare enn om dei satt kvar for seg, fortel leiar av Grunder-senteret, Lisbeth Bringebøen.

Sparebanken Sogn og Fjordane gjev 100.000 av sitt overskot til dette prosjektet via eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som fordeler gåvemidlane. Onsdag ettermiddag vart sjekken overrekt til Bringebøen av Sparebanken Sogn og Fjordane sin banksjef for Bedriftsmarknad i Sogndal, Jan Petter Vadheim.

– Gründersenteret er ein viktig utviklingsarena for gründarar i Sogn og Fjordane, der både eit fagleg og sosialt miljø. Gründersenteret tilbyr alt det som er viktig i når ein er i ein startfase, og vi er stolte over å kunne få bidra til dette miljøet. Gode idear er viktig for fylket. Vi har mange historier om grunderar frå Sogn og Fjordane med suksess. Med gåva håpar vi å bidra til at kontorfellesskapet utviklar seg vidare og at fleire grunderar får vind i segla med oppstartsbedrifta si, seier banksjef for BM i Sogndal, Jan Petter Vadheim.

Bringebøen er glad for bidraget, og trur det vil komme godt med framover.

– Gåva er eit viktig bidrag, spesielt no i startfasen. FUS treng å vere spesielt aktiv i starten – noko som er ressurskrevjande, både i tid og økonomi. Gåva er også med å gi inspirasjon til arbeidet med grunderar spesielt – og næringsutvikling generelt, seier Bringebøen.