50 nye miniløkker til fylket

19. juni 2018 –  Inger Marie Lien

NFF Sogn og Fjordane får 750 000 kroner i gåve, og er på god veg til å kunne kjøpe inn 50 nye miniløkker for trearfotball rundt om i klubbane.

– Vi er veldig glade for å kome i gang med dette prosjektet no, seier Svein Olav Myklebust dagleg leiar i NFF Sogn og Fjordane. Han ser føre seg at dei første banene vil vere på plass rundt om i fylket i oktober.

– Det kjem til å bli ein kjempesesong i 2019, smiler han.

NFF ønskjer å satse på trearfotball i årsklassane 5-7 år, og det er allereie fleire kretsar som er i gang med speleforma. I 2019 rullar NFF Sogn og Fjordane ut konseptet her i fylket, og den viktigaste kamparenaen blir Kongleriket miniputt turneringane.

Meir spel, mindre venting
Miniløkker er enkle byggesett som blir sett opp midlertidig på ei fotballbane, og har mål integrert i ramma.

– Smålagsspel sikrar meir ballkontakt, og gjev raskare spel med større individuelle utfordringar enn spel på ei vanleg flate. I denne alderen er koordinasjonen ikkje fullt utvikla, og ballen er ofte ute av spel. Ei ramme rundt bana sikrar at ballen er i spel heile tida, og aktiviteten blir meir intens og involverande, forklarer Myklebust.

Banken og fotballkretsen ønskjer at heile fylket skal få høve til å oppleve dette, derfor får NFF Sogn og Fjordane 750 000 kroner i gåvemidlar til 50 slike løkker som vert plassert ut i idrettslag og på turneringar i heile fylket. Gåva er gitt av Sparebanken Sogn og Fjordane, via bankens største eigar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– For oss er dette viktig fordi vi ønskjer at så mange som mogleg skal få vere med i fysisk aktivitet og leik. Vi trur at desse løkkene vil skape meir meistring, også blant dei minste, seier adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene som i dag overrekte gåva til fotballkretsen.

Langsiktige samarbeid for barn og unge
Sparebanken Sogn og Fjordane er i tillegg hovudsponsor for NFF Sogn og Fjordane og miniløkkene vil derfor ha både banken og Kongleriket sin logo på.

Les også: Fornyar sponsoravtalen med NFF Sogn og Fjordane 

– Vi ønskjer å gå inn i prosjekt som har ei langsiktig samarbeid, og som rettar seg inn mot barn og unge. Dette er eit godt eksempel på det. Vi har hatt eit langvarig samarbeid med kretsen, og vi gler oss til å halde fram med det, seier Teigene.