Milliongåve til havbasert forsking og utvikling

15. juni 2018 –  Inger Marie Lien

AKVAHUB i Hyllestad får 1 million kroner til å byggje opp ein utviklingsorganisasjon for selskap som ønskjer å samarbeide innanfor miljø og bærekraft i akvakulturnæringa. 

AKVAHUB vart starta etter initiativ frå lokalt næringsliv i 2016, og er eigd av sju selskap frå Hyllestad, Askvoll, Flora og Ulstein. AKVAHUB er ei forsking- og utviklingsavdeling for selskap som ønskjer å samarbeide om å dele ein felles FoU-ressurs. Målet er å gjere det enklare og rimelegare for lokale bedrifter å utvikle større prosjekt retta mot oppdrettsmiljøet. Eigarane er allereie i gong med ulike konsept på lukka system innanfor akvakultur, både landbasert og flytande system. Prosjektet er finansiert av bedriftene sjølve, Innovasjon Norge – og no får dei også 1 million kroner fordelt over tre år frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane som Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar.

Tett samarbeid med gründermiljø i Bergen
AKVAHUB kan bistå med forskings- og kunnskapsresursar frå det tunge marine fagmiljøet på Marineholmen i Bergen og leggje til rette for praktisk uttesting i distrikta. Sidan november i fjor har Asbjørn Dyrkorn Løland vore dagleg leiar for bedrifta, og til hausten flyttar han og heile familien til Hyllestad for å følgje draumen om å skape noko i heimbygda. Han kjem frå jobben som utviklingssjef i PHARMAQ Analytiq i Bergen.

– Det er rom for meir samarbeid blant aktørane i fylket, og det er der vi kjem inn. Prosjektet hadde ikkje blitt noko av om det ikkje var for pengestøtte frå banken og andre aktørar, og det at vi har eit nettverk i forskingsmiljøet både i Bergen og miljøet rundt NMBU på Ås. Det er heilt avgjerande å ha ulike fagmiljø å støtte seg på. Potensialet for å drive meir forsking og utvikling innanfor havbruk i Sogn og Fjordane er stort, og moglegheitene for nye idear, verdiskaping og viktige samarbeid er mange, seier Asbjørn.

Pr. i dag er det berre Asbjørn som er tilsett i AKVAHUB, men han har eit godt team i ryggen i form av eigarbedriftene og styret sitt. Han fortel at det første året handlar no om å forankre bedrifta i Sogn og Fjordane og generere ny prosjektaktivitet. Auka aktivitet vil gje moglegheiter for å tilsetje nye årsverk og målet er å ha fleire i arbeid i løpet av dei neste 3 åra.

AKVAHUB har samarbeidd med Sogn og Fjordane Fylkeskommune og Maritim Forening om ein workshop for å samle aktørane med initiativ innanfor lukka oppdrettsanlegg på land og i sjø.

– Det var eit svært positivt samarbeid som vi ynskjer å vidareføre. Samlinga vi hadde hos Sulefisk AS i juni vart godt mottatt og deltakande aktørar ville ha meir av dette. Framover kan ein tenke seg at AKVAHUB er organisator, medan Maritim Forening er rådgjevar og teknisk støttespelar, seier Løland.

Les også: 1,3 millionar til Maritim Forening.

Ei framtidsretta næring
Adm. direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, overrekte i dag gåva på 1 million kroner.

–  Dette er ei næring for framtida, der vi vil sjå mykje nytt i den komande tida. Prosjektet til AKVAHUB spelar på tre områder der Sogn og Fjordane har svært gode føresetnadar for å ta ei leiande rolle nasjonalt, og i visse samanhangar internasjonalt: utviklingskompetanse, samhandling og unike naturresursar. Sparebanken Sogn og Fjordane ser at vi må dyrke fleire initiativ, og i tillegg sørge for at desse arbeider godt i lag, og det håpar vi denne gåva kan bidra til, seier Trond Teigene, adm. direktør i Sparebanken.