Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper portefølje på 535 millionar kroner

Sparebanken Sogn og Fjordane kjøper bustadlånportefølje frå Eiendomskreditt

Eiendomskreditt si portefølje utgjer om lag 535 millionar kroner, og Sparebanken Sogn og Fjordane overtar den i løpet av juni.

Sparebanken Sogn og Fjordane er den åttande største sparebanken i Norge og har over mange år satsa på bustadfinansiering med heile landet som marknadsområde.

– I tillegg til vårt kjerneområde, Sogn og Fjordane, har vi dei siste 20 åra hatt ein strategi på vekst på landsbasis i privatmarknaden. Dette gjer vi for å sikre eit godt overskot for banken, som igjen kjem fylket til gode, mellom anna via gåver og sponsormidlar. Strategien sikrar og at banken har størrelse og musklar til å vere næringsbanken som satsar på fylket vårt,  seier administrerande direktør, Trond Teigene, og utdjupar:

– Vi har no om lag 42 prosent av bustadlåna våre utanfor Sogn og Fjordane og kjøpet av Eiendomskreditt sin portefølje styrkar denne satsinga vidare.