Ny nestleiar i styret

Ingelise Arntsen er banken sin nye nestleiar.

 

Ingelise Arntsen (52) bur i Bergen, og har ei lang fartstid i norsk næringsliv. Ho vart vald inn som nestleiar i styret til Sparebanken Sogn og Fjordane under Generalforsamlinga i vår.

– Først og fremst er eg stolt over å få denne tillitserklæringa og ser frem til å bidra med det eg kan i åra framover, seier ho og utdjupar:

– Nokre gonger er det slik at dei største utfordringane kan vise seg å romme dei største mogelegheitene. Bank-sektoren står overfor ei ny verkelegheit, konkurransesituasjon og forbrukar-forventningar. Det vil krevje mykje tilpassing og nytenking for oss og. Denne reisa skal det bli spennande å vere med på.

Arntsen har hatt leiande stillingar i Aibel, Sway Turbine , REC , Statkraft og Arthur Andersen Business Consulting. Ho har og vore administrerande direktør i Sogn og Fjordane Energi frå 1997 til 2000.

– Det er kjekt å vere litt tilbake i Sogn og Fjordane. Eg har mange gode minne frå mine år i Sogn og Fjordane Energi og alle dei flotte kollegaene mine der.

Arntsen jobbar i dag fulltid som styremedlem i ei rekke styre, som Nammo, Eksportkreditt Norge, Beerenberg og Statkraft.

– Alle styremedlemmer har ansvar for å sjå til at verksemda er godt organisert for dei oppgåvene selskapet skal løyse. Men ut over den formelle rolla håpar eg å kunne bidra med mi etter kvart breie erfaring frå næringslivet i både små og større bedrifter. Eg er også så heldig at eg har fått vere med i styrearbeid i både statlege, privateigde og børsnoterte selskap, og vil tru eg også kan bidra med erfaring om korleis andre selskap arbeider med driftsrelaterte og strategiske spørsmål i sine styrerom, seier ho.

Dei tilsette i banken valde inn sine representantar i mars i år. Hovudtillitsvald Marie Heieren vart sitjande. I tillegg vart rådgjevar på bedriftsmarknad i Florø, Jo Dale Pedersen, vald inn som nytt medlem for 2 år. Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane 2018 består dermed av: Leiar Hallgeir Kleppe, nestleiar Ingelise Arntsen, Sindre Kvalheim, Lise Mari Haugen, Heidi Grande Røys, Inge Jan Henjesand samt tilsetterepresentantane Jo Dale Pedersen og Marie Heieren.

-Vi er veldig nøgde med å ha Ingelise og Jo på plass i styret. Deira kompetanse og erfaring er nyttig for oss og vil vere eit positivt tilskot inn i gruppa. Styret i Sparebanken Sogn og Fjordane er breitt samansett med kompetanse frå ulike fagfelt, som gjer oss rusta til å møte endringane som slår inn over banksektoren, seier styreleiar Hallgeir Kleppe.

BFV: Inge Jan Henjesand, Lise Mari Haugen, Sindre Kvalheim, Geir Opseth (vara), Jo Dale Pedersen. FFV: Ingelise Arntsen, Heidi Grande Røys, Hallgeir Kleppe, Trond Teigene og Marie Heieren,