Hoppande glade for matte og pengegåve til NM

Med flunkande ny stavhoppmatte og ei gåve på 250.000 kroner i lomma set Breimsbygda IL inn planleggings-spurten før NM i august.

Breimsbygda IL arrangerer NM i friidrett 2018  på Byrkjelo stadion i tidsrommet 17. til 19. august 2018.  Dei har tidlegare arrangert NM i 2011, samt junior-NM i 2015 og veteran-NM i i 2014.

Arrangementet inkluderer ein lokalmat-festival, der både utøvarar og publikum kan prøvesmake kortreist kvalitetsmat. Profilering av fylket som reisedestinasjon er òg vektlagt av arrangørane, med presentasjon av reisemål som Hoven Loen, Flåmsbana og Stadhavet.

– Arrangementet er viktig for Nordfjord og fylket elles, og vi syns planane deira er gode og gjennomtenkte. NM vil skape liv og røre, engasjement og idrettsglede. Vi gler oss stort til NM på Byrkjelo og heiar stort på arrangementskomiteen, seier banksjef Odd Kjetil Tonning.

– Stor og viktig gåve 

Breimsbygda IL får ei gåve på 250.000 kroner til planlegging og avvikling av arrangementet av overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Gåva blir gjeve av eigaren, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som gir gåver av Sparebanken Sogn og Fjordane sitt utbyte.

– Eit NM i friidrett er eit svært krevjande arrangement med mange parallelle øvingar, løpande resultatservice på storskjerm, logistikk på så vel tevlingar som transport og losji. Arrangementet vil difor gi Breimsbygda IL stor kompetansetilførsel på mange ulike område. Denne kompetansen vil både Breimsbygda IL og andre arrangørar i fylket kunne gjere seg nytte av i mange år framover, meinar Tonning.

Rolf Kjetil Egge i Breimsbygda IL er takknemleg for gåvemidlane.

– Dette er ei stor og viktig gåve, som er heilt avgjerande for oss som arrangør for å sikre økonomien i arrangementet. Med eit budsjett på ca 2 millionar og 3-4 årsverk i dugnad fram mot NM, er det utruleg viktig å ha med seg næringslivet.  Sparebanken Sogn og Fjordane viser igjen sitt brennande engasjement for frivillig arbeid som blir gjort i Sogn og Fjordane, seier Egge.

Fylket si første stavhoppmappe

I tillegg til dei 250.000 kronene i gåve får dei og 50.000 kroner til ei stavhoppmatte. Denne kom nyleg på plass på friidrettsområdet, og er den einaste av sitt slag i fylket.

– På NM i 2011 og Junior-NM i 2015 måtte vi ut og leige godkjent stavmatte. No har vi fått utstyr som er tilpassa høge hopp og som gjev trygghet og sikkerhet for dei som hoppar. Det er viktig. Det er den einaste stavmatta i Sogn og Fjordane som er godkjent for høge hopp. Vi håpar at dette kan bidra til rekruttering innan stavhopp i heile fylket og håpar at det på fleire lokale og regionale stemner blir stavhopp på programmet, fortel Egge.