Gir 8 millionar til fotballhall i Florø

Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest går inn med 4 millionar kvar til ny hall i Florø.  No håpar toppsjefane i dei to bankane at bidraget vil utløyse fleire midlar.

Florø Sportsklubb og Florø Idrettsråd ønskjer å bygge ein fullskala fotballhall i Florø. Hallen si framtid avhenger av pengestøtte frå det offentlege og det private.

Dei to sparebankane har allereie tatt sitt standpunkt. Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane og Jan Erik Kjerpeseth i Sparebanken Vest går inn med 4 millionar kvar til den planlagde hallen. Gåvene vert gitt med atterhald om at øvrig finansiering og naudsynte løyve fell på plass.

– Vi vil gjerne trå til for å få realisert dette, seier konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth.

– Viktig for idretten

Administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Trond Teigene, håpar gåva frå banken og eigaren Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane vil bidra til realiseringa av prosjektet.

– Som generalsponsor for Florø Fotballklubb har vi sett reisa og utviklinga i fotball-miljøet i Florø, både i bredde og på høgare nivå. Gode anlegg er viktig for idretten her i Sogn og Fjordane. Dei gir rom for stor aktivitet for små og store idrettsheltar. Fotballhallen vil og frigjere betydeleg kapasitet på eksisterande anlegg, så fleire idrettar vil ha fordelar av utbygginga, fortel Teigene, og utdjuper han.

– No håpar vi finansieringa av hallen går i orden. Hallen i Florø blir ein regional hall som vil skape aktivitet og vil vere til glede både for både Florøværingar og resten av regionen, seier han.

Vil delta i spleiselaget

Konsernsjef i Sparebanken Vest, Jan Erik Kjerpeseth, håpar no fleire bidragsytarar kjem på bana.

– Vi veit at det er mange ildsjeler som har jobba hardt i lang tid for å få på plass ein ny hall, og vi vil gjerne delta i spleiselaget for å få til dette. Vi håpar at vårt bidrag blir utløysande for at andre aktørar og det offentlege vil bidra til å realisere dette flotte prosjektet. Det er viktig for oss å støtte opp under viktige initiativ og lokalt engasjement der folk bur. Florøhallen kjem til å bli eit flott tilbod for idretten, og eit viktig samlingspunkt for frivilligheita i heile regionen, seier han.