– Veldig overraska og glad

Eivind Øygard syns det var kjekt å bli invitert heim til fylket for å ta i mot gåva på 150 000 kroner på vegne av Friidrettskrinsen. Den største overraskinga kom likevel då banksjef Elin Aaland i tillegg kunne overrekke han Furorestipend på 50 000 kroner. 

Under ei kretssamling i Førde tysdag fekk Eivind Øygard ei stor overrasking. Sparebanken Sogn og Fjordane deler ut årlege Furorestipend via eigaren vår Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. På sjekken Elin hadde med seg stod Eivind sitt namn.

Først delte banksjef Aaland ut Friidrettskrins-gåva, men så tok ho ordet igjen, og ba han bli ståande før ho las opp grunngjevinga til juryen om kvifor han skulle få stipendet.

– Dette var utruleg kjekt. Eg hadde ikkje peiling, og vart veldig overraska. Eg hadde faktisk tenkt å søke Furorestipendet, og hadde skreve ned fristen. No har eg ein ting mindre å tenke på, strålar Øygard.

– Pengane kjem svært godt med. Sjølv om friidrett i seg sjølv er ein billig idrett går det penger til satsinga. Næraste målet mitt er Byrkjelo og terrengsesongen i år. Eg håpar og å kvalifisere meg på bane 10.000 meter. Det er eit realitistisk mål, men eg må jobbe mot det.

Fleire Furorestipend på lur

Elin Aaland fortel at stipendet til Øygard er eit lanseringsstipend for å oppmode andre unge talent i fylket om å søke om Furorestipend innan søknadsfristen 15. juni.

– Vi tar i mot søknader innan idrett, kultur og open klasse. Det er ofte stor variasjon i søknadane, og det syns vi er veldig kjekt, seier Aaland.

Kjenner du eit ungt talent mellom 15-30 år? Då må du be dei søke på Furorestipendet. Fristen går ut 15. juni.

Og ifølgje juryen si grunngjeving er det nok av prestasjonar å velje i:

26 år gamle Eivind Øygard har vore innom fleire idrettar i ung alder, men det er innan friidrett han har satsa profesjonelt dei seinare åra. I fjor var toppåret så langt, der han mellom anna fekk sølvmedalje i NM terrengløp. Eivind representerte også Norge i både Nordisk og Europeisk meisterskap i terrengløp, og i nordisk meisterskap vart han beste nordmann med ein sterk femteplass.  Han er allereie kvalifisert til EM i terrengløp 2018 og hans store mål for sesongen er NM Friidrett på Byrkjelo Stadion i august.

Sjølv med tilbod frå mange andre klubbar i Norge, har Eivind alltid representert moderklubben Jølster og han er eit stort forbilde for mange unge friidrettstalent i heile fylket.

Juryen gler seg til å følgje spent med både i EM og i NM på heimebane, og ønskjer all mogleg lukke til med vidare satsing!

Dagleg leiar i Friidrettskrinsen, Asgeir Årdal, hadde lokka Øygard heim slik at Sparebanken Sogn og Fjordane kunne overraske han.

– Eg er veldig glad for at de gir Eivind dette stipendet. Han er ein fantastisk ambassadør for idretten i Sogn og Fjordane. Han er eit godt forbilde, og vi er veldig takknemlig for at han  stiller som trenar på samlingane våre, seier Årdal.

– Vi er og takknemlege for gåva til krinsen, som gjer at vi kan sikre fleire treningssamlingar for unge talent, seier han.

150.000 til samlingar

Gåva til friidrettskrinsen kjem frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane og blir delt ut via hovudeigaren til banken; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Friidretten har fått eit oppsving i fylket dei seinare år, med 7000 aktive medlemmer. I august blir det dessutan NM i friidrett på Byrkjelo, og såleis er det eit godt høve for å slå eit slag for friidretten i år. Krinsen har planar om å trappe opp sine treningssamlingar for dei ulike greinene (løp, hopp, kast osv), samt å skape eit friidrett-krinslag for aldersgruppa 13-22 år i Sogn og Fjordane. Dette arbeidet får ei støtte på 150 000 kroner frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane.