300.000 til kulturskatt

Gåvemidlar til Sunnfjords perle.

Nyleg var Jo Dale Pedersen og administrerande direktør Trond Teigene på plass på Svanøy for å dele ut gåvemidlar til Svanøy hus sitt bevaringsprosjekt. Gåva er gitt av Sparebanken Sogn og Fjordane, via bankens største eigar, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Svanøy Hovedgård er ein av fylkets største kulturhistoriske skattar og ein institusjon med høg status i fylket. Vi ønskjer å støtte Svanøy hus med den viktige jobben dei gjer med dette området. Vi gir derfor ei gåve på 300.000 kroner til Stiftinga Svanøy Hus til bevaring og utvikling av området, seier Kunderågjevar på Bedriftsmarknad, Jo Dale Pedersen.

Gåva vart motteken av styremedlem i Stiftinga Svanøy Hus, Elin Tveit Sveen.

– Tusen takk for ei fantastisk flott og viktig gåve som vil bidra til og halde Svanøy Hovedgård i hevd. Vi har ansvar for ei stor og freda bygningsmasse som er krevjande og halde vedlike og vi har ynskje om å kunne pusse opp deler av bygningen,  så gåva her blir eit viktig bidrag i dette arbeidet, fortel ho.