10 tips til smart kortbruk i sommar

Sommarferien er rett rundt hjørnet og for mange betyr det ferie i utlandet. Vi har derfor samla våre beste tips for ein trygg kortbruk slik at du kan spare både tid og pengar i ferien din.

Kvifor bør ein ha to kort på reise? 
Det er lurt å ha to kort på reise i tilfelle du mister det eine kortet, eller i tilfelle kortet skulle slutte å virke. Men hugs å oppbevare dei på to forskjellege plassar. Og hugs å sjekke utløpsdatoen på kortet i god tid før avreise. Korta vil bli automatisk fornya, men om fristen til dømes går ut medan du er på reise, kan du be om å få tilsendt nye kort viss utløpsdatoen nærmar.
Bestill kredittkort

Er det lurast å betale med kontantar eller kort i utlandet?
Å bruke kortet, er tryggare enn å gå rundt med store mengder kontantar, og i tillegg får du meir oversikt på kva du brukte pengane dine på når du kjem heim. I tillegg slepp du å stadig leite etter minibankar. Når du bruker kortet i utanlandske butikkar må du rekne med ein omvekslingskurs som Visa og Mastercard bestemmer, samt eit valutapåslag på 1,75 prosent. Likevel kan det vere lurt å ha med litt lokal valuta sidan ikkje alle restaurantar eller butikkar aksepterer kort.

Er det lurast å betale med vanleg visakort (debetkort) eller kredittkort i utlandet?
Både Visa og Mastercard har gebyrfrie varekjøp, du må berre passe omrekningskursen samt bankane sitt valutapåslag som hos oss og dei fleste andre ligg på 1,75 prosent av det veksla beløpet. Fordelen med kredittkort er at du kan sjekke transaksjonane når du er heime igjen, før du betaler rekninga. Skulle du bli svindla eller bli belasta feil beløp, kan du søke om å  få dette beløpet tilbake frå kortleverandør. Kredittkort er også best å bruke viss du t.d. må betale depositum på hotell, då slepp du å reservere eit større beløp på den vanlege kontoen din.

Kva er best av å betale i norsk eller lokal valuta i ein utanlandsk butikk?
Når du blir spurt om du vil betale i norsk eller lokal valuta, er tommelfingerregelen alltid å velge den lokale valutaen! Dersom du vel norsk valuta er det butikken eller minibanken som set kursen, og den vil nesten alltid vere dårlegare for deg enn om du lar Visa eller Mastercard gjere det. Ver obs på at du i nokre land kan du bli nødt til å betale ein ekstra provisjon som butikken fastset.

Er det trygt å betale med kontaktlause kort i utlandet? (Utan pin-kode)
Har du dette symbolet på visakortet ditt, kan du betale utan PIN-kode, også i utlandet. Det er sikrare at du ikkje viser PIN-koden til personen bak deg når du betalar kontaktlaust. Det er ei beløpsgrense på kor mykje du kan kjøpe for, før du må taste inn PIN-kode. Grensa er med på å minimere misbruk dersom du mister kortet. Kortet kan du enkelt sperre slik at uvedkomande ikkje kan bruke det, dersom det blir stole. Merk at kontaktlaus betaling ikkje gjeld på mastercard.

Korleis verkar beløpsgrensa på kontaktlause kort?
Døme: Du gjer to kjøp på 200 kroner, eit kjøp på 100 kroner og to kjøp på 50 kroner. Neste gong du prøver å betale kontaktlaust vil terminalen be deg taste PIN-koden din. Så kan du bruke 600 kroner til utan kode.

Kva kort bør eg bruke til netthandel?
Når du handlar på nettet eller bestiller hotell og reise, bør du bruke Mastercard fordi det ikkje gir tilgang til din personlege konto, men ein kredittkonto. Dersom du blir svindla/ikkje mottar varer, kan du søke om å få refundert beløpet.

Kva med kortet til barnet eller tenåringen, kan det brukast i utlandet?
Ja, både bankkort for barn og Visa Electron kan brukast i utlandet. Beløpsgrensene er dei same som for bruk i Norge, og begge korta kan brukast kontaktlaust.

Kva gjer eg dersom eg mister kortet?
Ring kundesenteret vårt + 47 57 82 97 00 for å sperre kortet ditt. Her kan du også få hjelp med naudkontantar inntil 10 000 kroner.

Kva gjer eg dersom eg mistar kortet, sperrar det og så finn det igjen?
Du bør ikkje opne opp igjen kortet sjølv om du finn det igjen. Du kan ikkje vite om kortopplysningane er på avvege og blir brukt av ukjente. Derfor anbefaler vi at du heller bestiller deg nytt kort.