Fotballglede, samhald og store draumar

22. mai 2018 –  Inger Marie Lien

4 søndagar, 32 turneringar og nærare 10 000 barn og vaksne i sving. Det er klart for vårens vakraste fotballeventyr; Kongleriket Miniputt.

Kvar sesong inviterer Sogn og Fjordane Fotballkrets og Sparebanken Sogn og Fjordane barn frå 6 år og oppover til fotballturnering i Kongleriket Miniputt. Kongleriket Miniputt-turneringane er for alle born i fylket i alderen 6-10 år.

Kvar turneringsdag er ca. 3800 ungar, trenarar, oppmenn, søsken, foreldre/føresette, besteforeldre, arrangørar, osv., engasjert i miniputtfotballen.

Fair play og sunn idrettsmat
– Kongleriket Miniputt er serieordninga for våre yngste fotballspelarar –  eit kjempeflott konsept der høg aktivitet og fotballglede i trygge rammar står i fokus. Dette er noko vi gler oss til kvart år, og ser at barna opplever meistring og at fotballen er med å skape samhald, seier Hildegunn Hove, i fotballkretsen.

I tillegg til fotball har kretsen på kvar turnering eit eige fokusområde som blant anna skal lære barn og vaksne Fair Play.

– Vi har eit stort ansvar for å formidle sunne verdiar og gode haldningar. Derfor har vi valt ut ulike fokusområder, som skal gå som ein raud tråd gjennom turneringane, og desse er Fair play, sunn idrettsmat, trafikktryggleik og miniputtane sitt eige bistandsprosjekt «Barn hjelper Barn», seier Hove.

Kvalitet og fotballglede i heile fylket
– Vi er veldig glade over å ha med oss Sparebanken Sogn og Fjordane som samarbeidspartnar i Kongleriket Miniputt. Med banken på laget sikrar vi høg kvalitet og gode rammer rundt arrangementa, noko som også kjem klubbane våre til gode, seier Hove.

Marknadssjef i Sparebanken Sogn og Fjordane, Gunn Aase Moldestad, fortel at turneringa er viktig for breiddefotballen.

– Vi er stolte over denne turneringa, og dei ulike fokusområda passar veldig godt saman med våre verdiar. Vi ønskjer å bidra til aktivitet for flest mogleg, lengst mogleg, og det meiner vi denne turneringa støttar opp under, seier Moldestad.

Over 60% av alle gutar og 50% av alle jenter i alderen 6-10 år i fylket deltek i miniputt-turneringane kvart år. På turneringsdagane er det sju- åtte stader som arrangerer turnering.

Første turneringsdag gjekk av stabelen 6. mai, medan den neste kjem i juni. Så blir det ein pause fram til hausten, der kjem det to turneringsrundar i september. I faktaboksen ser du oversikt over komande turneringar.

Årets arrangementsplassar

6. mai: Lærdal, Sogndal, Vik, Gaular, Tambarskjelvar, Sandane, Loen, Skavøypoll
10. juni: Aurland, Syril, Kaupanger, Dale, Eikefjord, Vikane, Eid *
2. september: Årdalstangen, Bjørn, Hafslo, Høyang, Florø, Jølster, Stryn, Stadlandet
23. september: Jotun, Sogndal, Balestrand, Askvoll og Holmedal, Førde, Breimsbygda, Hornindal, Tornado Måløy
*Selje gjennomfører turneringa 17. juni.