Må bruke hagane sine som lagringsplass – får 100.000 til nytt lagerbygg

Gåveutdeling: Trond Eiken, Tom Wergeland, Peder Bugge og Laila Ruud.

 

Sogndal Speidargruppe manglar lagerplass etter brann. No er draumen om nytt lager på vei mot oppfylling.

Sogndal Speidargruppe mista lagerplassen sin i samband med brannen i Stedjetunet i Sogndal tidligare i vinter. Lagerplassen til gruppa vart ikkje skada i brannen, men lageret må nyttast til andre føremål etter at delar av Stedjetunet vart totalskadd.   Dei ønskjer no å bygge sitt eige bygg når dei får byggeløyve og ei eigna tomt.

Dette er eit tiltak Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ønskjer å støtte med 100.000 kroner.  Sparebankstiftinga er den største eigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane, og deler ut gåver frå banken sitt overskot.

For tida står utstyret plassert i hagane til dei ulike styremedlemmane til Speidargruppa. Banksjef for privatmarknad i Sogndal, Laila Ruud, og kunderådgjevar Trond Eiken overleverte sjekken til styremedlemmane Tom Wergeland og Peder Bugge måndag ettermiddag i ein av «lagringshagane».

– Sogndal Speidargruppe gjer ein flott jobb for å få barn og unge interessert i å bruke naturen rundt seg, og vi er glade for at denne gåva kan hjelpe den praktiske tilrettelegginga for dei slik at dei kan få seg eit skikkeleg lager, seier banksjef for privatmarknad i Sogndal, Laila Ruud.

Sogndal Speidargruppe leitar, i samarbeid med kommunen, no etter ei eigna tomt.

-Vi vart utruleg glade for denne rause gåva, og tidspunktet kunne ikkje ha passa betre. På årsmøtet drøfta vi moglegheita til å byggja eige lager. Etter å ha fått gåva er økonomien god nok til å starte, og det kan vera lettare å få inn sponsorar når prosjektet har kome langt, fortel styremedlem Peder Bugge.