Førde Skulemusikkorps fyller 50 år

Nye uniformer i bursdagsgåve

15. mai 2018 –  Inger Marie Lien

17. mai er ein travel dag for dei fleste korps her til lands, og for Førde skulemusikkorps kom derfor dei nye uniformene akkurat i tide til den store dagen. 

Dei noverande uniformene er over 30 år gamle, og ifølgje styreleiar Unni Kriken er det på høg tid å skifte desse ut.

– Dei gamle uniformene har feil snitt for mange av musikantane, og er veldig slitne. Det var utruleg kjekt og endeleg kunne investere i nye, seier Kriken.

100 000 kroner til nye jakker
I øvingslokalet på Førde Barneskule denne måndagskvelden er korpset travelt opptatt med siste innspurt før nasjonaldagen. I løpet av øvinga har dei også vore ute i sentrum og marsjert. No feirer dei med is, og er klare for å motta dei nye uniformene.

Banksjef Elin Aaland fekk æra av å dele dei ut, og kunne fortelje at banken gir 100 000 kroner av sitt overskot, via hovudeigaren; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, til innkjøpet. Beløpet dekker alle dei nye jakkene til musikantane, medan sparing i korpset og fleire andre spleiselag dekker bukser og skjorter.

– Vi er svært stolte av Førde Skulemusikk, og 17. mai hadde vel ikkje vore det same utan korps i toget, seier Aaland.

50-åring klar til nye oppdrag
Korpset har 31 musikantar i alderen 10 til 18 år, i tillegg er der 2 aspirantar og ein drilltropp på tilsaman 16 personar. Korpset har dei siste åra vore dirigert av Arvid Anthun.Korpset vann NM for janitsjar 3.divisjon i 2016, og i tillegg har dei blitt kåra til beste janitsjarkorps ved fylkesmeisterskapen «Nordvesten» dei siste to åra.

Førde skulemusikkorps fyller 50 år i år, og Kriken syns derfor det er ekstra stas å kunne gi nye uniformer til musikantane akkurat i år.

– No trur eg alle gler seg ekstra mykje til å spele i toget i år i dei nye uniformene, seier Kriken.