Bloggserie: Frå BSU til bustad

Sett nye sparemål etter bustadkjøpet

09. mai 2018 – Therese Wathne

Når du har spart jamnt og trutt i BSU, og kanskje har kjøpt deg din første bustad, er det viktig å ikkje gi slepp på gode sparevaner. Desse bør du vidareføre gjennom smart og målretta sparing.

Langsiktig eller kortsiktig sparing?
Det første du bør ta stilling til når du skal finne dine sparemål etter endt BSU-sparing, er om det er langsiktig eller kortsiktig sparing du tenkjer på.

Kortsiktig sparing
Sparing på konto er enkelt og smart dersom du treng pengane i løpet av ein fem års periode, og for tida ikkje ønskjer å ta noko risiko med sparepengane dine. Dette vil passe for deg som til dømes ønskjer å byggje ein buffer til uføresette utgifter, skal spare til ferie, ny bil eller anna du skal kjøpe i nærmaste framtid.

Banken tilbyr fleire spareprodukt. Vilkåra på desse vil variere ut i frå disposisjon og bruk.

Langsiktig sparing
Ei langsiktig sparing i fond og aksjar passar godt for deg som ønskjer høgare avkastning enn å ha pengane ståande på konto over tid og som toler noko risiko. Grunnen til at ein vel å spare i fond og aksjar og ikkje i bank når ein sparar over lengre tid, er at aksjefond historisk sett gir ei høgare avkastning enn banksparing på lang sikt. Ein kan rekne med tre til fire prosent per år i skilnad i gjennomsnitt. I dag er dessutan rentenivået så lågt, at du tapar kjøpekraft ved å spare i banken. Dette er derimot heilt greitt dersom til sparer til ferie eller ein sofa, men uheldig dersom du sparar for framtida som til dømes pensjon, born eller anna sparing med minst fem års horisont.

Det første du må gjere for å komme i gang med fondsparing er å velje fondstype. Det finst ei rekke kombinasjonar av fond, og valet du tek vil gjerne spegle stor risiko du er villig å ta på sparepengane dine.

Ta kontakt med banken for rettleiing for å nå dine sparemål!

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad. Nye innlegg kjem ein gong i veka.