200 000 til nytt kunstgrasdekke

8. mai 2018 –  Inger Marie Lien

Måndag møtte Ingunn Slettehaug og Elin Aaland opp på fotballtreninga til miniputtane i Naustdal, og overraska Tambarskjelvar IL med ein gåvesjekk på 200 000 til nytt kunstgrasdekke på bana.

– Tusen, tusen takk! Dette er vi veldig glade for, seier Siss-May Edvardsen, leiar i Tambarskjelvar IL.

Naustdal stadion er einaste fotballanlegg med kunstgras i kommunen og mykje nytta. Kunstgrasdekket er nesten 10 år gamalt og utslitt, og treng rehabilitering. Det nye dekket blir finansiert gjennom eit spleiselag av gode offentlege støtteordningar, gåve frå banken og dugnadsarbeid. Til dette arbeidet får dei no 200 000 frå overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane, via hovudeigaren til banken; Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Oppgraderer grusbanene i grendene
–  Det gamle kunstgrasdekket vil vi dele opp og fordele ut på dei banene rundt om i kommunen som framleis har grus. Dermed blir dette prosjektet ei oppgradering av meir enn berre sjølve stadion, og det syns vi er flott, seier Bjørn Hundershagen.

Leiar i fotballgruppa Frank Cirotzki, fortel at anlegget er i bruk seint og tidleg av små og store.

–  Fotballaktiviteten i klubben vart mangedobla då vi fekk lagt kunstgrasdekke på stadion i 2008. Den er i bruk i skulesamanheng, organiserte treningar og kampar i vekedagar og helgar. Og den blir brukt mykje til uorganiserte aktivitetar i alle aldrar, seier Cirotzki.

Nytt kunstgras til hausten
Arbeidet med å bytte kunstgrasdekket vil skje i løpet av sommaren.

– Vi gler oss veldig til å få bytta ut dette dekke no. Og så skal det bli ein endå flottare haust når det nye er plass, seier Siss-May Edvardsen.

–  Tambarskjelvar IL er ein breiddeklubb som har eit stort apparat av trenarar, frivillige og mange aktive spelarar. Vi er stolt over å kunne bidra til denne type aktivitet, og sikre at bygda har ein god samlingsplass for fysisk aktivitet og sosialt samhald, seier banksjef Elin Aaland.