200.000 kroner til Kaupanger si kvinnefotballsatsing

Damelaget Kaupanger IL møtte Medkila på Kaupanger stadion laurdag 5. mai, og Sparebanken Sogn og Fjordane møtte opp i pausen med ei overrasking.

Sparebanken Sogn og Fjordane  har vore generalsponsor for Kaupanger IL i fleire år. Denne laurdagen var det eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som slo på stortromma. Dei forvaltar overskotet til banken, og delar ut gåvemidlar til heile fylket.

I pausen overraska derfor kunderådgjevar Atle Hatleberg frå Sparebanken Sogn og Fjordane med ein sjekk på 200.000 kroner, som skal brukast på vidareutviklinga av nettopp kvinnefotball-satsinga til Kaupanger.

– Sidan 1985 har Kaupanger vore det leiande damelaget i fylket, og Kaupanger har utvikla eit kraftsentrum for satsing på damefotballen. Klubben å vidareutvikle den sterke satsinga på damefotball, primært med spelarar frå eige fylket. Det syns vi er viktig og spennande, og er veldige glade for at vi kan vere med på å støtte dette arbeidet vidare. Vi er imponerte over alt Kaupanger IL har fått til, og gler oss til å følgje dei på reisa vidare, seier banksjef for privatmarknad i Sogndal, Laila Ruud.

Leiar for Kaupanger IL, Trine Lerum Hjellhaug, set stor pris på midlane.

– Denne gåva betyr svært mykje og vi er glade for at de ser verdien av det arbeidet vi gjer for jente- og damefotballen i fylket. Vi skal bruke gåva til å vidareutvikle dette arbeidet på best mogleg måte. Tusen takk, seier ho.