Pengedryss i Gaular

4. mai 2018 –  Inger Marie Lien

Torsdag kveld feira Sande Skule 50 år, og bursdagsgåva frå Sparebanken Sogn og Fjordane var 200 000 kroner til  vidareutvikling av Gaularhallen. I tillegg mottok Gaular idrettslag 15 000 kroner i premie etter å ha vunne konkurransen om å vere den mest aktive brukaren av Vipps Go blant lag og organisasjonar. 

Banksjef Elin Aaland og rådgjevar Inger Helene Øvrebø fekk gleda av å overraske dei mange frammøtte med to pengegåver, noko som blei tatt i mot med stor applaus. Pengegåva på 200 000 kjem frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og delast ut via banken sin eigar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Les også: Vipps – så er 17. mai her
Les også: Slik opprettar du VippsGo

Sidan Gaularhallen på Sande vart opna i januar 2015, har det vore ei god utvikling og mange folk som ønskjer å nytte fasilitetane. Spesielt er styrkerommet populært – faktisk så populært at kapasiteten no er sprengt.

Nestleiar i Gaular IL Ole Morten Vassdal tok i mot gåva og fortel at pengane skal gå til å utvide kapasiteten og til å kjøpe meir utstyr i hallen.

– Denne gåva kjem veldig godt med, og pengane skal nok fort få føter å gå på, seier Vassdal.

– Fysisk aktivitet for barn og unge er noko vi er stolte av å vere med å støtte, og det er gledeleg å sjå at hallen er blitt så populær. Ein slik hall er utan tvil med på å skape samhald og trivsel i lokalsamfunet, seier Aaland.