Turnfeber i Vågsøy – 200.000 til ny turnhall

Skavøypoll Turn har lenge hatt ein draum om å få til ein eigen turnhall. Turn-interessa i kommunen er enorm dei har sprengt hall-kapasitet. I dag er det 130 aktive medlemmer i alderen 8-18 år, og 20 trenere. Per i dag er det 90 barn og unge på venteliste som ønsker å få begynne å turne. Den planlagte hallen vil få status som regionanlegg.

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som er eigaren til Sparebanken Sogn og Fjordane, og som delar ut gåver av vårt utbytte,  gir 200.000 kroner til realiseringa av hall-planane. Torsdag var Toril Haugen og Sissel Wik frå Sparebanken Sogn og Fjordane på plass for å dele ut midlane til turn-gjengen.

– Det er fantastisk kjekt at det lokale næringslivet vil støtte prosjektet, seier leiar og trener i Skavøypoll Turn, Kenneth Silden.

Bygginga av turnhallen vil mest trulig starte i begynnelsen av 2019 og skal ligge ved Deknepollen i Vågsøy kommune. Målet er at alle som ønsker å turne skal få gå på turn, utan å stå på lange ventelister.

– Dette er eit flott prosjekt å vere med å støtte. Turn er veldig populært i kommunen vår og med ny flott turnhall vil det verte endå større turnaktivitet her, seier rådgjevar Sissel Wik i Sparebanken Sogn og Fjordane i Måløy.

Sissel Wik frå Måløy-kontoret til banken var og innom Flatraket idrettslag torsdag, og delte ut 50.000 kroner til bygging av trimløype på Flatraket. Denne gåva er frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, som deler ut midlar frå banken sitt utbytte.

– Vi gler oss til å teste løypa når den er klar. Det er eit flott initiativ, seier Wik.