Nyttige Næringsdagar

Over 200 deltagarar var samla til Næringslivsdagane i Balestrand onsdag til torsdag. – Relevant og viktig, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Onsdag 2. mars til torsdag 3. mai vart Næringsdagane arrangert i Balestrand. Bedrifter og organisasjonar frå heile fylket samla seg på Kviknes Hotell.

Sparebanken Sogn og Fjordane er ein av partnarane til konferansen, som hadde rekord-mange deltakarar. Heile 220 deltakarar var påmeldt på samlinga i år.

-Konferansen er eit viktig initiativ for næringslivet, og ein god mogelegheit for bedrifter for heile fylket å møtast. Det er eit godt gjennomført og relevant konferanse, og vi er stolte av å få vere med å bidra til denne møtestaden, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Årets tema var «Når mennesket møter teknologi», og blant foredragshaldarne var statssekretær i Nærings og fiskeridepartementet Magnus Thue, Christine Korme, direktør for digitalisering og fornying, Abelia. Trond Teigene frå Sparebanken Sogn og Fjordane holdt foredrag om digitalisering i banksektoren.

Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebanken Vest har som tradisjon å gi vekk ein sum til eit gode føremål på vegne av fordragshaldarane. I år gjekk dette til Naturvernforbundet sitt arbeid for ryddige strender.

Les også: 140 000 av banken sitt overskot går til strandrydding