Jublar for midlar til strandrydding

 Naturvernforbundet Sogn og Fjordane fekk i dag 140.000 kroner til sitt langvarige ryddeintiativ.

Fylkessekretær i Naturvernforbundet, Marit Bendz, tok måndag imot gåva på 140.000 kroner.

Pengane er frå Sparebanken Sogn og Fjordane sitt overskot, og delast ut via banken sin eigar Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– Det er flott at Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane ser verdien av det arbeidet Naturvernforbundet gjer. Naturen vår er sterkt truga, både av forsøpling, gift og eit klima i endring. Heldigvis ser det ut til at folk no er i ferd med å sjå alvoret, ikkje minst her i Sogn og Fjordane. Fylkeslaget til Naturvernforbundet har hatt ein formidabel vekst i medlemstalet siste året og oppgåvene står i kø, fortel Bendz.

Rådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane, Geir Vindheim, delte ut gåva, og den symbolske overrekkinga vart gjort i fjæresteinane i Erdal i Førde.

– Naturvernforbundet Sogn og Fjordane er ein viktig organisasjon med gode og effektive tiltak for miljøet. Det er viktig at vi alle bidrar til miljøvern, og vi syns det er flott at delar av banken sitt overskot bidrar til å verne om naturen her i fylket, seier Geir Vindheim.

Pengane skal gå til organisasjonen si storsatsing på strandrydding i alle kommunar i Sogn og Fjordane. Dei vil særleg engasjere strandryddedagar for skular og barnehagar. Naturvernforbundet satsar stort strandryddedagen den 5. mai, og vil og få engasjementet til å vare ut over sjølve datoen.

Dei har derfor «Kystlotteriet» gåande gjennom heile sesongen og året, og vil og jobbe meir med dette initiativet. Kystlotteriet er ei satsing der ein ved innlevering av plastsekkar er med i eit lotteri om opplevings-premiar. På Kystlotteriet.no ser du ei oversikt over kva slags kommunar i Sogn og Fjordane der du kan vere med i loddtrekkinga.

– Kvifor er plastrydding så viktig, og kva kan den enkelte gjere?

– Plastrydding og rydding av andre ting som ikkje har noko i naturen å gjere kan virke som ei håplaus oppgåve. Men ved at du fjernar den vesle plastbiten frå naturen, kan du berge livet til den fugleungen som ikkje får den i magen. Plukkar du den ølboksen frå grøfta, kan redde den kua som ikkje får den sunnhakka i fôret. Ingen kan gjere alt, alle kan gjere litt. Ved å rydde det som allereie har hamna i naturen, og hindre at så mykje meir hamnar der, har vi gjort både naturen, dyrelivet, bøndene, turistnæringa og ikkje minst; barnebarna våre, ei stor teneste, seier ho.