90 000 til festivalsommar i Bremanger

27. april 2018 –  Inger Marie Lien

Rockweekend og Kystfestivalen fekk denne veka overrekt 45 000 kroner kvar i gåve til sine arrangment i sommar.  

– Vi ønskjer å støtte dei som står på og som legg ned mykje tid på dugnad. Målet deira er å skape positivt aktivitet, samhald og trivsel, og det vil vi vere med å bygge opp under, seier Steinar Ryland i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Han trekk fram at begge arrangementa er ein viktig sosial møteplass i regionen, og at dei skaper samhald, også for mange som er heime  på sommarferie. Sparebanken Sogn og Fjordane gir 90 000 kroner i gåve til dei to festivalane via eigaren vår Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

– I desse gåvene ligg det også føringar om at pengane skal brukast på aktivitetar som passar barn og familiar, forklarer Ryland.

Nina Grotle, Hilde Hauge og Mary Jane Matthews Varpe frå Opplev Bremanger, smilte stort då dei kunne ta i mot sjekken til Rockweekend.

– Tusen takk! Dette betyr veldig mykje for oss. Vi er overraska, og sjølvsagt veldig glade, seier Grotle.

No gler dei seg med siste resten av planlegginga fram mot årets festival som går av stabelen 13. – 15. juli på Iglandsvik. Eitt av dei store namna i år er Adam Douglas, som allereie er utselt. I tillegg jobbar blant anna med fleire aktivitetar for små og store.

Frå Aktiv Kalvåg møtte Jan Fredrik Fosse som tok i mot pengegåva til Kystfestivalen.

–  Dette er veldig kjekt for oss. Vi er ein liten festival som skaper stor stemning og mykje begeistring. Det er kjekt at banken ser oss, og støttar opp om oss, seier Fosse.

Han fortel at dei i år har flytta konsertområdet ned til Knutholmen, noko som vil bli både publikumsvennleg og intimt.

No håpar han mange båtinteresserte og musikkglade tek turen til Kalvåg 2. – 5. august.