Totalresultat på nærare 100 millionar i første kvartal

 

 Sparebanken Sogn og Fjordane fekk eit totalresultat på 97 millionar første kvartal, ei auke på 8 millionar frå i fjor.

Inntektene vart på 248 millionar, mot 235 millionar i same kvartal i fjor. Totalresultatet blei på 97 millionar i første kvartal 2018, mot 89 millionar i første kvartal 2017.

Jamn framgang

– Dette er eit godt resultat og vi legg eit bra kvartal bak oss. Vi har jamn resultatframgang på fleire områder, i tillegg til at kostnadane våre ligg på same nivå som i fjor. Tapa ligg og lågare enn i fjor, og spelar inn på resultatet, fortel administrerande direktør Trond Teigene.

Resultatet før nedskriving på utlån og eksklusiv resultat frå finansielle instrument er på 125 millionar kroner. Dette er 3 millionar kroner høgare enn for same periode i fjor. Veksten på brutto utlån er på 4,8 prosent dei siste 12 månadane.

God tendens i næringslivet

Sparebanken Sogn og Fjordane gjekk ut av 2017 med over 1 milliard kroner i inntekter og eit totalresultat på 425 millionar kroner.

– Vi hadde eit historisk godt år i 2017, noko som gav oss eit godt driv inn i 2018, seier Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane har ein marknadsdel på bedriftsmarknaden på nærare 40 prosent.

– Næringane fiskeri, havbruk og reiseliv viste ei fin utvikling i fylket i 2017. Slik er det framleis, særleg fiskeri, der aktørane bygger større einingar gjennom nybygg og kvotekjøp.  Vi ser og ei positiv utvikling i oljeretta næringar, i takt med stigande oljepris, seier Teigene.

Tilbake til fylket

Utbyttet frå Sparebanken Sogn og Fjordane går til eigarane våre Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane og Sparebankstiftinga Fjaler. Dei deler ut gåvemidlar tilbake til fylket frå banken sitt overskot.

Sparebankstiftinga Fjaler har allereie offentleggjort sine tildelingar for 2018, på over 4 millionar kroner i gåvemidlar, medan Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane kjem med sine tildelingar seinare i vår.

– Vi gler oss over å sjå vårt overskot gå tilbake til konkrete og gode prosjekt over heile fylket, både innanfor kultur, næringsliv, barneidrett og helse, seier Teigene.

HOVUDLINJER PR. 1. KVARTAL 2018

• Totalresultat 97 mill. kr (89 mill. kr)

• Netto renteinntekter 210 mill. kr (207 mill. kr)

• Resultat finansielle instrument 9 mill. kr (8 mill. kr)

• Driftskostnader 114 mill. kr (114 mill. kr)

• Nedskriving på utlån 8 mill. kr (14 mill. kr)

• Driftskostnader i prosent av driftsinntektene inkl. innt. frå fin. Instrument 45,94 % (48,35 %)

• Eigenkapitalavkastning 9,0 % p.a. (9,1 % p.a.)