Bloggserie: Frå BSU til bustad

Slik førebur du deg på bodrunden

26. april 2018 – Ruben Skrede

Etter du har vore på vising og funne deg ein bustad som passar for deg, er det tid for bodrunden. No skal det avgjerast, og dette er kanskje den mest spennande delen av bustadjakta. Men kva er viktig å tenke på når du kjem til bodrunden?

Ver førebudd før bodrunden
Før du kjem til bodrunden må du snakke med banken og din kunderådgjevar. Der går du gjennom budsjett og avtaler kor mykje du kan låne. Det følgjer også av bustadlånforskrifta.

Så må du òg ha på plass finansieringsbevis  og sette ei maksgrense for kor mykje du kan by, før du skriv deg opp på liste til bodrunde. Kor mykje du kan by kan variere frå bustad til bustad, avhengig av om det er sjølveigar eller andelsbustad.

Få oversikt over marknaden! Følg med på kva som ligg ute til sal, gå på fleire visingar og sjå kva liknande bustadar går for. På denne måten får du eit betre bilete på om bustaden du har sikta deg inn på ligg på eit rimeleg nivå.

Undervegs i bodrunden
Meklar vil vere mellomledd mellom kjøparar og seljar, og det er soleis viktig å vere tilgjengeleg for meklar under bodrunden. Meklar vil halde deg oppdatert på kva andre bod som kjem inn, samt rådgje deg på kor lang akseptfrist du bør ha på boda dine. Seljar må akseptere bodet innan denne fristen, og det kan vere lurt å ikkje sette for lange fristar. Merk at meklaren representerer i hovudsak seljar, og det kan derfor vere lurt å ikkje avsløre dine økonomiske rammer ovanfor vedkommande.

Ikkje by på fleire bustadar samtidig. Eit bod er juridisk bindande, er du då uheldig kan du risikere å sitte med to bustadar og dei økonomiske forpliktingane dette inneberer. Det finst ikkje angrerett når det kjem til kjøp og sal av fast eigedom, så her gjeld det å ikkje gå på ein smell.

Følg magekjensla! Har du ei dårleg kjensle på bustaden, må du spørje deg sjølv om dette er den rette bustaden for deg. Draumebustaden vil dukke opp før eller seinare, så det kan vere lurt å ha litt is i magen.

Med desse tipsa vil du forhåpentlegvis vere godt rusta for bodrunden!

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad.