150 000 til trivsel på Sandane

Ivar Bruun frå Åsen Vel og Christine Aagård Midthjell og Birte Fossheim frå Trivselsskogen mottok kvar sine gåver i går.

 

Under kundekvelden på Sandane i går slo vi to fluger i ein smekk; Gunnar Heggheim delte ut gode pensjons- og spareråd, og banksjef Odd Kjetil Tonning delte ut gåver til Trivselsskogen og Åsen Vel. 

Gloppen kommune har tatt turglede på alvor, og har i fleire år satsa på å utvikle eit nærturområde med rundløype i området Sandane – Holvikfossen – Utsikten. Det var derfor naturleg at det var her den første Dagsturhytta vart opna i desember i fjor. Vidare har dei også lagt til rette for ein leirplass med amfi, og skal no i gang med å byggje ei trapp for endå betre tilkomst blant anna for skuleklassar og andre grupper som har begynt å bruke området. Sparebanken Sogn og Fjordane gir 100 000 kroner til vidareutvikling av Trivselsskogen via eigaren vår Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

–  Vi ser at tiltaket med nærturområde har ført til ei mangedobling av turaktiviteten i området, så vi er stolte over å kunne vere med å byggje vidare på dette, seier banksjef Odd Kjetil Tonning.

– Vi er strålande fornøgde med gåva, og dette betyr at vi kan gå i gang med arbeidet, seier Christine Aagård Midthjell som tok i mot gåva saman med Birte Fossheim.

Neste gåvemottakar var Åsen Vel, som har laga ei grillhytte i Åsen nærmiljøanlegg som har blitt ein flott sosial samlingsplass i bygda. Grillhytta er blitt så populær at det no er eit stort behov for å utvide anlegget med toalett/servicebygg. Sparebanken Sogn og Fjordane bidreg med 50 000 kroner frå overskotet sitt, og i tillegg stiller Gloppen kommune med maskinarbeid og materiell.

– Vi er veldig glade for at banken vil vere med å støtte oss i dette prosjektet, og gler oss til realsering, seier Ivar Bruun frå Åsen Vel som tok i mot gåvesjekken.

Gunnar forklarte eit invikla tema på ein lun og lettfatteleg måte.