1,3 millionar i prosjektstøtte til havromsnæringa si interesseforeining

 

Sparebanken Sogn og Fjordane ga 1,3 millionar til Maritim Forening under deira nettverksdagar i Balestrand onsdag.

Maritim Forening Sogn og Fjordane er interesseforeininga for verksemder med havbasert aktivitet i fylket.

– Maritim Forening skaper samarbeid mellom sine medlemsbedrifter, og tilfører dei marknadskunnskap og annan kompetanse som dei treng i møte med nasjonal og internasjonal konkurranse. Dei har vore viktige i mange sentrale prosjekt retta mot næringsutvikling knytt til havrommet, og har gjennom dei 5 åra dei har drive vist gode resultat av jobben dei gjer for næringslivet på havromssida, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Sparebanken Sogn og Fjordane gir 1,3 millionar til dette arbeidet via eigaren vår Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Gåva vart delt ut under Maritim Foreining si nettverksamling den 18. april 2018 i Balestrand. Tema for samlinga var «I sentrum for innovasjon og samarbeid» og Teigene ga gåva etter at han sjølv hadde helde innleiingsforedraget.

– Det er ein stor fordel for verksemdene å ha ei sterk interesseforeining i ryggen, og det vil vi gjerne støtte opp om, fortel Teigene som også understrekar dei store moglegheitane som ligg innanfor havrommet i Sogn og Fjordane.

Maritim Foreining har eit pågåande leverandørutviklingsprogram med fem hovudpunkt som beskriver kva dei hjelper verksemdene med: Dei byggjer arenaer for havbaserte næringsaktørar, synleggjer og kommuniserer, driv med kvalifisering og kompetanseutvikling, auka marknadskunnskap og prosjektretta næringsklynger.

Midlane frå Sparebanken Sogn og Fjordane vil vere retta mot ressursbruken innanfor dette programmet. I tillegg jobbar dei  med ein arena-søknad som skal ferdigstillast i løpet av 2018. Arena-programmet er eit program i regi av Innovasjon Norge, SIVA og Norsk Forskingsråd som tilbyr finansiell og fagleg støtte til langsiktig utvikling av regionale klynger. Opptak i ei arena-klynge vil i så fall tre i kraft frå 2019, så nokre av midlane vil kunne nyttast i overgangen frå leverandørprogrammet til et arena-prosjekt i 2019.

– Midlane kjem godt med når vi skal bistå nettverket vårt innan eksisterande og nye forretningsområde i havrommet, seier dagleg leiar Stein Kvalsund.