Over 4 millionar tilbake til Fjaler-området

Heile 4.275.200 kroner i gåver blir i desse dagar delt ut i Fjaler og Holmedalsområdet. Pengane er frå banken sitt overskot, og delast ut via eigaren vår Sparebankstiftinga Fjaler.

– Det er fantastisk å sjå at delar av utbyttet frå banken går tilbake til gode prosjekt i nærmiljøet her i Fjaler og omegn. Gåvene bidrar til auka aktivitet, som igjen gir levande bygder og tettstadar, fortel banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane for privatmarknad i Dale, Torunn Mattson.

Overskotet frå Sparebanken Sogn og Fjordane er grunnlaget for gåveutdelingane til Sparebankstiftinga Fjaler, som eig omlag 6 prosent av banken.

Gåvene går til prosjekt i Fjaler og Holmedalsområdet.Gåvene har ei stor breidde, alt frå midlar til ny kaldhall, stønad til Fjaler Næringsutvikling og gåve til diktar-bustad i Jakob Sande-tunet.

– Vi ønskjer at Fjaler skal vere ein attraktiv stad å busetje seg, og håpar gåvene vil syne godt i miljøa her og føre til ei auka breidde i idrett, kultur og næringsliv, utdjupar Mattson.

Sparebankstiftinga Fjaler vart etablert i 2010 då Fjaler Sparebank fusjonerte med Sparebanken Sogn og Fjordane, og kapitalen som var i Fjaler Sparebank utgjer grunnkapitalen i stiftinga.

ORGANISASJON PROSJEKT VEDTAK
Jakob Sande-selskapet Diktarbustad i Jakob Sande-tunet. kr 50 000
Holmedal bygdehus Utbetring av uteområde. kr 67 500
Rivedal bygdelag Nye bord kr 10 000
Fjorden grendalag Drift av laget kr 5 000
Holmedal Vel Merking og skilting kr 30 000
Dekor Fleire unge med i koret kr 5 000
Fjaler Næringsutvikling Nærings- og samfunns-utvikling i Fjaler kr 150 000
Fure IL Bygging av trimrom kr 100 000
Guddal grendalag Lågterskeltreningstilbod og utviklingstiltak kr 80 000
Dale skyttarlag Tillegg til skytebaneanlegget kr 350 000
Fure IL Installere lys og vedomn i dagsturhytta kr 30 000
Arnarsonmila Skape og utvikle løpet til eit fast årleg arrangement for barn og vaksne kr 40 000
Dale barnekor Deltaking på vårtreff i Førde 13 – 15/4-2018 kr 4 000
Framhug ungdomslag Aktivitetsstøtte til ungdomsprosjekt kr 5 000
Preform AS Utvikling av kunstproduksjon i Fjaler og regionen kr 50 000
Dale musikkorps Nye instrument i korpset kr 20 000
Fjaler kino Skulekino kr 10 000
Dale musikkorps Aspirant- og junioropplæring messinginstrument kr 15 000
Dale IL Utbedring av skihytta i Norddalen kr 15 000
Fure Våge Grendahus Stålbenk til kjøkken og lakk av golv i sal på forsamlingshus. kr 50 000
Straumsnes grendalag Oppgradering/rehabilitering av kjøkken på grendahuset kr 50 000
Jensbua Kystkultursenter AS Ny tilkomst og opprusting av kjøkken kr 40 000
Flekke ungdomslag Skifte av vindauge, kledning og etterisolering på Vonheim kr 75 000
Dale idrettslag Bygge «Kaldhall» for idretten i Fjaler 2 850 000
Dalsfjorden spelemannslag Deltaking av 3 born/ungdom på Mo-kurset kr 5 000
Guddal familiekor Drift ulike tiltak kr 5 000
Hellevik Grendalag Kledning av to sider på grindbygg, samt tjørebreiing kr 12 000
Dale IL stigruppa Tilrettelegging av stiar kr 25 000
Holmedal Vel Gatelys kr 50 000
Kystlaget Bakkejekta Nytt segl, mast og rå til Bakkejekta. kr 10 000
Askv Holmed IL stimerking Merking av stiar og ruter kr 10 000
NFU Ymse aktivtetar, drift kr 5 000
På Rappen Midlar særskilt øyremerka barn og ungdom kr 51 700
SUM KR 4 275 200