Ny sjef for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane

Frank Robert Klakegg (39) er tilsett  i jobben som leiar for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane.

Eigedomsmekling Sogn og Fjordane er den leiande meklaren i fylket og er eit dotterselskap til Sparebanken Sogn og Fjordane. Frank Robert Klakegg tar over som leiar den 1. mai.

–  Dette er ein svært spennande jobb i Sogn og Fjordane innan eigedom med mange kompetente tilsette, og eg gler meg til å begynne. Eg ser fram til å bli kjend med dei nye kollegaene mine. Det første eg vil gjere er å reise rundt på kontora for å treffe dei. Eg ønskjer å bli kjent med arbeidsmetodikken deira og marknaden dei jobbar i, seier Klakegg.

Bedrifta har 20 tilsette og driv med eigedomsmekling over heile fylket. Filialane ligg i Førde, Florø, Sogndal, Nordfjordeid og Stryn.

Klakegg kjem frå jobben som administrerande direktør i Forum Gruppen AS, eit konsern med virke innan handel og eigendom, Han var dagleg leiar i Hellvik Hus fram til 2014, som han sjølv var eigar i.

Styreleiar i Eigedomsmekling Sogn og Fjordane og HR-direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane, Eirik Rostad Ness, er godt nøgd med tilsettinga av Klakegg.

–       Klakegg er ein offensiv, innovativ og forretningsorientert leiar med stor gjennomføringsevne. I tillegg er han god med folk. Vi er derfor trygg på  at han er rette mannen for Eigedomsmekling Sogn og Fjordane, seier Ness.