Bloggserie: Frå BSU til bustad

Kausjonist – Dette må du vite

13. april 2018 – Helene Sunde og Frida Lobenz Skarstein

Det er mange krav som blir stilt til deg som framtidig lånetakar. Har du problem med å fylle kravet om 15% eigenkapital på eiga hand, kan bruk av realkausjon vere ei mogleg løysing.

Realkausjon betyr at banken tek pant i eigedomen til nokon andre i tillegg til den eigedomen du sjølv skal kjøpe. Banken får då ei ekstra sikkerheit for kreditten (lånet). Den eller dei som stiller som kausjonist lover banken at dersom du som låntakar ikkje betalar, vil vedkomande vere økonomisk ansvarleg for det beløpet han eller ho har garantert for.

Det finst mange ulike nyansar ved bruk av kausjon og dette kan fort bli komplisert. Vi ønskjer derfor å gje deg ei lita innføring i bruk av kausjonsbegrepet og nokre problemstillingar det kan vere greitt å vere klar over:

  1. Kven kan vere kausjonist?
    I prinsippet kan alle myndige personar vere kausjonistar. Det er likevel verdt å merke seg at kausjonisten også må kredittvurderast, samt at ein må vurdere om det er tilstrekkeleg ledig pant i eigedomen til den som skal stille realkausjon. Kausjonisten må mellom anna ha god nok betjeningsevne (altså evne til å kunne betale for den delen ein kausjonerer for) og ikkje for høg belåningsgrad (altså ledig pant i bustaden). Dermed er det ikkje sikkert at ein kan bruke besteforeldre som kausjonistar, sjølv om dei har ledig pant i huset, då dei gjerne ”berre” har pensjon som inntekt. Den mest vanlege konstellasjonen for unge bustadkjøparar som ikkje har nok eigenkapital, er at foreldre stiller realkausjon, men sjølv om dei kan ha god inntekt er ikkje dette alltid nok dersom det manglar ledig pant i bustaden.
  2. Kva blir kausjonisten ansvarleg for?
    Kausjonisten vil berre vere ansvarleg for den delen den/dei har kausjonert for.
    Bustadlånsforskrifta set krav om at ein maksimalt kan få låne inntil 85% av bustaden sin verdi. Treng du å låne kr 1.700.000 må ein til saman stille med 2.000.000 i sikkerhet. Dersom bustaden du kjøper har ein verdi på det same som lånesummen (kr. 1,7 mnok), treng du i tillegg ein realkausjon på kr 300.000 for å oppfylle.

    Ansvaret til kausjonist vil i eksempelet vere avgrensa til dette beløpet. Kva beløp kausjonist er ansvarleg for vil alltid gå fram av kausjonsavtalen.

  3. Når blir det aktuelt at kausjonisten trer inn?
    Kausjonisten vert informert undervegs dersom lånet går i misleghald, men vegen fram til at kausjonisten må oppfylle sitt kausjonsansvar er likevel litt lenger. Spesielt der låntakar sjølv stiller sin eigen eigedom som sikkerhet.Dersom ikkje du som låntakar overheld dine betalingsplikter over tid, utan å finne ei god løysing saman med banken, er neste skritt å selje bustaden du har stilt som sikkerhet. Dersom salssummen ikkje er nok til å betale ned heile lånet, vil låntakar vanlegvis få muligheit til å betale gjelda som står att gjennom ein nedbetalingsplan. Dersom låntakar ikkje overheld sine betalingsplikter på attståande lån vil banken gå til kausjonisten og krevje lån innbetalt, avgrensa til den delen den/dei kausjonerer for.
  4. Kva er viktig å tenke over for kausjonisten?
  • Ønskjer du å ta på deg ansvaret med å vere kausjonist – og veit du kva det inneberer? I verste fall kan det bety at du må betale kausjonsbeløpet til banken sjølv. Dersom du stiller realkausjon, og du ikkje har muligheit til å betale kausjonsbeløpet sjølv kan utfallet i verste fall vere at du må selje bustaden din.
  • Kjenner du økonomien til låntakar godt nok til å vurdere at risikoen for å vere kausjonist er liten nok? – Er du usikker kan du be låntakar om innsyn i økonomien.
  • Stiller du realkausjon bind du opp tidlegare ledig sikkerhet i huset – Det kan hindre deg i å låne opp sjølv på eit seinare tidspunkt, eller dersom du som realkausjonist for fleire barn kan det medføre at du ikkje vil ha mogelegheit til å gjere tilsvarande for dei andre barna dine fordi ledig sikkerhet er brukt opp.
  1. Kva er viktig å tenke over dersom ein skal nytte kausjonist?
    Det gjeld også når du ikkje har kausjonist, men som låntakar bør du ha ein ryddig økonomi. Følg nedbetalingsplanen og betal i tide. Oppstår det hendingar i livet som gjer det vanskeleg å få betale ned på lånet undervegs, så ta kontakt med din rådgjevar snarast for å sjå om det er mogleg å gjere endringar og tilpassingar. Kausjonisten må som regel gi samtykke til endringar på låneavtalen, men dette er langt betre enn om kausjonisten får eit brev om at lånet den/dei kausjonerer for ikkje er betalt i tide.

Dersom du har nokon som ønskjer å hjelpe deg inn på bustadmarknaden og lurer på om realkausjon kan vere aktuelt for deg anbefalar vi deg å ta kontakt med din kunderådgjevar.

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad. Nye innlegg kjem ein gong i veka.