Vipps – så er 17.mai her!

10.april 2018 – Berit Huseklepp

Passar bunaden i år, tru? Og korleis står det til med ungane sine festantrekk? Med eit par konfirmasjonar i mai også går det slag i slag framover. Er du attpåtil så «heldig» at du er med i 17.mai-komiteen der du bur – så treng du verkeleg litt avlasting!

Vipps – kan redde dagen for deg
Veit du at 17.mai-komiteen din kan opprette Vipps Bedriftsbetaling? Då kan kundane vippse betalinga for kaffi og is via mobilen sin, og køa framfor salsbodene blir mindre. Enklare for kundane og enklare for komiteen.

Mindre behov for vekslepengar
Tenk deg scenarioet:  Dagen før den store dagen må du skaffe vekslepengar. Turen går til banken. 18. mai må du ta turen tilbake for å sette inn att pengane dagen etter. Kundane i kiosken kjem med både 200, 500 og 1000-lappar, så vekslepengane får bein å gå på. I tillegg må du hugse på endå eit punkt i førebuingane – ta ut kontantar!

Lyst på ein lettare måte å gjere dette på? Vipps er løysinga.

Korleis ordne Vipps Bedriftsbetaling?
Først kontaktar du fjorårets kasserar/komite, og er du heldig, har dei allereie oppretta Vipps. Elles kan du enkelt opprette Vipps her. Dersom de ikkje har organisasjonsnummer, må du først registrere komiteen i Brønnøysundregisteret. Sjå meir her korleis du gjer det.

Ofte er slike arrangement lagt til skulen og då kan du ordne det via skulekontoret i kommunen. Er det grendalaget, idrettslaget eller liknande, kan du sjekke om de kan opprette Vipps på organisasjonsnummeret deira. Ordnar du opp i dette i år, så blir det endå lettare å sende stafettpinnen vidare til neste års komite.

Sjå meir om Vipps Bedriftsbetaling

Marknadsfør på førehand
Pass på å informere godt til ungdom og vaksne på førehand om at de tar Vipps-betaling, så slepp dei å kave med kontantar til 17.mai. Då kan foreldra sette inn litt kontantar til ungdomane sine før den 17., og dei kan sjølv Vippse i veg på mobilane sine, dersom dei er over 15 år.

Ha ein fin vår, og litt mindre stressande 17.mai!

Vipps – enklare for deg og dine og enklare for oss.

 

Spørsmål?
Ta kontakt med oss, vi hjelper deg gjerne.