150.000 kroner til Aksello sine frukostmøter for næringslivet

 

Gåva vart delt ut under frukostmøtet torsdag 5. april. – Umåteleg glade, seier dagleg leiar Lone Bareksten.

Aksello har ein fast tradisjon med frukostmøter for næringslivet kvar månad i sine lokalar i Florø, med fullt hus kvar gong. Møta har eit næringsrelatert innhald kor ulike bedrifter blant anna presenterer eigne aktivitetar, aktualitetar og behov.

Dei skapar med dette ein møteplass for næringslivet, og i tillegg til bedrifter frå Florø kjem det besøkande frå heile fylket.

– Som den leiande næringslivsbanken i fylket har vi eit ynskje om å støtte tiltak som næringslivet sjølv finn attraktive. Vi har over tid sett at Aksellos frukostmøte tiltrekk seg verksemder frå fjernt og nært. Då er det helt naturleg å bidra til at Aksello ytterlegare kan forsterke arbeidet med å samle næringslivet i fylket, og slik skape vekst, seier rådgjevar for bedriftsmarknad i Florø, Jan Nordem Knudsen.

– Vi trur det er ein fordel for næringslivet at det er ein lav terskel for å møtast, og at møta er så vidt hyppige som ein gong per månad, utdjupar rådgjevar på bedriftsmarknad i Florø, Jo Dale Pedersen.

Sparebanken Sogn og Fjordane ønskjer derfor å støtte frukostmøte-tilbodet med 150.000 kroner.  Gåva blei overrekt av Knudsen og Pedersen på frukostmøtet torsdag morgon.

 

– Vi i Aksello set umåteleg pris på ei slik gåve frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Det å utvikle gode møteplassar og arenaer der næringslivet kan treffast for å få informasjon og gje informasjon er noko vi ser nytta av. Vi i Aksello jobbar for at nye og eksisterande aktørar i næringslivet skal samarbeide og utvikle framtidas arbeidsplassar, det trur vi startar med å kjenne til kvarandre og ha eit lågterskel tilbod der ein kan møtast og diskutere. Slik kan ein skape eit innovativt miljø!, fortel dagleg leiar Lone Bareksten i Aksello.

Bareksten trur det er viktig med gode arenaer for bedriftene i fylket.

– Frukostmøta våre har gjennom dei siste åra utvikla seg til å bli ein slik god møteplass og vi veit at dette er ein god arena for å treffast, lytte, lære og gje ifrå seg nyttig informasjon, fortel ho.

Alle foto: Tarjei Langeland