Banken fyller 30 år

Midt i den store bankkrisa i 1988 fusjonerte 8 lokale sparebankar til Sparebanken Sogn og Fjordane. Sidan den gong har eigenkapitalen auka med 4,4 milliardar.

 Sunnfjord Sparebank blei fusjonert med sparebankane i Gaular, Balestrand, Leikanger, Gloppen, Hornindal, Innvik og Stryn. Namnet på den nye banken vart Sparebanken Sogn og Fjordane, og visjonen skulle vere å vere ei «Drivkraft i utvikling av fylket». Visjonen er nesten identisk med dagens visjon: «Drivkraft for Sogn og Fjordane». Datoen for fusjonen var 1. april.

Banken har  over 50 samarbeidsavtalar over heile fylket og deler ut gåvemidlar via eigaren vår, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Dei siste 5 åra har vi delt ut 140 millionar kroner i sponsor og gåvemidlar.

– Drivkraft-tankegongen har alltid vore ein del av denne banken, og det kjem den og alltid til å vere. Samfunnsansvaret er ein stor motivasjon for våre tilsette. Med 12 milliardar i utlån til bedrifter over heile fylket er vi den viktigaste finansieringskjelda næringslivet i Sogn og Fjordane. Det er også ein viktig del av samfunnsoppdraget vårt. Eit levande næringsliv som skapar arbeidsplassar og er i utvikling er avgjerande for utviklinga av Sogn og Fjordane, seier administrerande direktør Trond Teigene.

Tøff start for nystarta bank

Sparebanken Sogn og Fjordane blei fusjonert midt i den store bankkrisa, og det var langt frå ein draumestart. I årsmeldinga for 1988 skriv dåverande administrerande direktør Anders Sølvberg: «Året 1988 har vore karakterisert som det vanskelegaste bankåret i manns minne».

Eigenkapitalen i den fusjonerte banken var 164 millionar i 1988.

– I dag er eigenkapitalen i Sparebanken Sogn og Fjordane heile 4,6 milliardar kroner, og det seier noko om kva verdiar som er skapt gjennom alle desse åra. Med ein forvaltningskapital i dag på 52 milliardar er Sparebanken Sogn og Fjordane den 8. største av meir enn 100 sparebankar i Noreg. Ein klår strategi om å vere ein frittståande og sjølvstendig sparebank med hovudkontor i Sogn og Fjordane, har vore avgjerande for at banken i dag har 270 tilsette i fylket, busett i 22 ulike kommunar i fylket, seier Teigene.

I 1988 blei totalresultatet på knappe  671.000 kroner. Banken måtte nemleg føre tap på nesten 39 millionar kroner dette året grunna krise i ei rekke næringar. Til samanlikning var totalresultatet i 2017 på 425 millionar kroner.

Frå giro til Vipps

Desse 30 åra har det skjedd store endringar i bankverda. Då banken blei skipa i 1988 låg renta på heile 14 prosent, betalingsterminalene var på full fart på vei inn i butikkane og bankkort var på vei ned i lommeboka til folk flest. Ti år etter, i 1998, lanserte Sparebanken Sogn og Fjordane sin første versjon av nettbanken, som ein av dei første bankane i landet.

– Sparebanken Sogn og Fjordane har sidan nettbanken kom i 1998 satsa på å betene privatkundar over heile landet, og vi er i dag den sparebanken i landet som har størst del av kundar utanfor det bankane definerer som sine kjerneområde. Det krev gode digitale løysingar. I dag har vi eit utviklingsmiljø på rundt 40 tilsette frå seks ulike nasjonalitetar. Vi rekrutterer aktivt, både i og utanfor fylket for å vere sikker på at vi har utviklingsmiljø som sørger for at vi alltid er konkurransedyktige i det digitale skiftet, fortel Teigene.

Utviklingsmiljøet har i 2017 utvikla eigen mobilbank for dei mellom 12-18 år, samt laga ein ny og betre versjon av mobilbanken vår. I løpet av 2018 vil også ein ny nettbank vere klar.

– Like viktig som det digitale skiftet er verdien av å vere lokal og nær. Derfor har vi framleis 13 kontor i fylket og eit kontor i Bergen, der vi er tett på kundane og der vi tilbyr god personleg rådgjeving.

Dei tre direktørane

Sparebanken Sogn og Fjordane har desse 30 åra hatt tre toppleiarar. Anders Sølvberg var administrerande direktør i Sunnfjord Sparebank og gjekk over til å verte administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane etter fusjonen i 1988. Sølvberg gjekk av i 2001. Då tok Arvid Andenæs over rolla som administrerande direktør.

I 2016 overtok Trond Teigene sjefsstolen etter Andenæs, som gjekk av med pensjon.

– Det har vore ei fantastisk reise, og både Anders og Arvid har i sine periodar gjort gode og riktige grep som har styrka posisjonen vår fram til i dag. I 2017 hadde vi eit historisk godt resultat, og vi hadde for første gong over 1 milliard i inntekter. Banken står sterkare enn nokon gong, og vi er godt rusta for framtida, seier Teigene.