Med folkehelse på agendaen

Sparebanken Sogn og Fjordane hadde besøk av Dag Otto Lauritzen i Florø og Svelgen, for å la han inspirere til trening og god helse.

Onsdag 21. mars og torsdag 22. mars var Dag Otto Lauritzen på plass i Florø og Svelgen for å inspirere, motivere og trene med banken sine kundar og samarbeidspartnarar. Over 370 personar kom for å høyre foredraget i Florø, medan 200 dukka opp i Svelgen. I tillegg var det rundt 75 deltakarar på ulike spinningtimar.

For å få dette på plass har Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeida med lokale krefter. Arrangementet i Florø skjedde i samarbeid med Florø Turn og Idrettsforening og i  Svelgen i samarbeid med Svelgen Turn og Idrettsforening.

Dag Otto Lauritzen sykla mange år i verdseliten, og var den første nordmannen som vant ei etappe i Tour de France. Dei siste åra har han leia ein rekke program på TV 2, både i deira Tour de France-satsing, men og ei rekke underhaldningsprogram. Han har og skreve ei rekke motivasjonsbøker med mål om å få folk flest i form.

– Det har vore utruleg kjekt å følgje Dag Otto desse dagane.  Med fulle hus og berre blide ansikt har dette vært en stor opptur.  Dag Otto har vært tolmodig og blid.  Det er ikkje få selfies som er spreidd på nett desse dagane, fortel banksjef i Sparebanken Sogn og Fjordane i Florø, Ole Aukland.

Lauritzen sjølv var godt nøgd med dagane i Sogn og Fjordane.

– Eg har hatt to flotte dagar her med tre heftige spinningtimar for sporty folk med super innsats. Det var kjempegod stemning i fullsatte salar begge stadar. No gler eg meg til Florø skal kjempe mot Jerv i Grimstad til sommaren, seier han.

I 2014 inviterte banken Marco Elsafadi til Florø. Då var fokuset integrering av innvandrarborn til idretten i Florø.

– Denne gongen  fokuset på folkehelse og motivere folk flest til å kome i gong med aktiv trening. Oppsummert har vi samla over 650 deltakarar på to dager.  Bodskapet om folkehelse er satt på dagsorden og  målet er at dette vil bidra til at fleire kjem over «dørterskelen» og kjem i gong med aktiv trening. Dag Otto var definitivt rett mann til å fylle rolla.  Med si folkelige tilnærming og gode humør er eg trygg på at mange ble inspirert av hans foredrag til å kome i gong med trening, fortel Aukland.

Onsdag kveld delte banken ut gåver via banken sin eigar,  Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Florø Cykleklubb fekk 50.000 kroner til utbetring av spinning rom og nye spinning-syklar. Flora turlag fekk 100.000 kroner til Florø Turlag der gåva skal gå til innkjøp av nye kajakkar.