Bloggserie: Frå BSU til bustad

Møte med kunderådgjevar

20. mars 2018 – Therese Wathne

Her kjem nokre tips som kan vere lure å tenke over i forkant av eit lånemøte.

I forkant av møtet
Til lånemøtet er det først å fremst viktig at du tek med skattemelding frå førre år, samt dei siste to-tre lønnsslippane som syner inntekt og tilsettingsforhold. Vidare er det også ønskjeleg at du tek med kodebrikka di.

Kva vert teke opp
Under møtet tek banken stilling til kor høgt lån økonomien din kan tole. Det vert teke utgangspunkt i inntekta di, før alle utgifter trekkast frå for å finne din beteningsevne for lånet – medrekna fem prosent rentehopp. Banken opererer med SIFOs budsjettmodell, som baserar seg på kva ein gjennomsnittleg nordmann brukar på ulike utgiftspostar. Desse postane kan ein ikkje endre noko særleg på, slik at det kan vera at modellberekninga «gir deg» ei utgift du sjølv meiner du ikkje har. Unntak frå desse postane kan derimot vera retta mot type bustad du kjøper, til dømes dersom du skal kjøpe i burettslag og at felleskostnadane dekker einskilde faste utgifter som straum, internett og liknande.

I kredittvurderinga vil faste utgifter og gjeld du har frå før av, redusere lånemoglegheitene, ettersom du vil ha mindre att til å betene bustadlånet. Har ein til dømes studielån, vil ein som utgangspunkt få noko mindre i lån, det same gjeld dersom ein har bil.

I tillegg vurderer ein kor mykje du kan låne med tanke på eigenkapital og gjeldsgrad, og om du har alternative moglegheiter for dette. Les meir om bustadlånsforskrifta her.

Ei anna viktig vurdering er kva type bustad som er aktuelt for deg. Det er til dømes forskjellige krav om ein vurderer leilegheit som er sjølveigar eller leilegheit i burettslag.

Finansieringsbevis
Etter kredittvurderinga tek banken ei avgjersle om eit bestemt lånebeløp. Etter dette står det berre att å få finansieringsbevis som gjer det mogleg for deg å by på draumebustaden. Dette er bankens stadfesting på at du har fått innvilga lån, kor mykje du kan kjøpe for og eventuelle vilkår på kva type objekt du kan by på.

Med finansieringsbevis i ryggen er du klar til å kaste deg inn i budrundene!

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad.