Anna 10 år seinare

Då og no: Mellom desse bileta skil det 10 år. – Eg hugsar det var veldig kjekt å vinne rolla i Kongleriket, seier Kristense Bjørkhaug.

14. mars 2018 –  Inger Marie Lien

I år er det 10 år sidan Kongleriket blei lansert, og Kristense Bjørkhaug blei plukka ut til å vere sjarmtrollet Anna i barnekonseptet vårt. Det ser ho tilbake på som ei kjekk tid med mykje merksemd.
– Det passa meg perfekt; eg elskar jo å vere midtpunkt, seier Høyangerjenta. 

I tida før Kongleriket blei lansert, etterlyste banken eit sjarmtroll som kunne fylle rolla som Anna. Forslaga strøymde inn frå heile fylket, og ni år gamle Kristense med raudt hår og krøller klatra heilt til topps i avstemminga.

–  Vi var på familiefotografering, og fotografen føreslo meg som kandidat til konkurransen. Det blei ei stor mobilisering her i Høyanger, folk på jobben til mamma stemte og slekta vår andre plassar stemte. Og så vann eg, og det hugsar eg var veldig stas, fortel Bjørkhaug.

Blanding av animasjon og verkelegheit
Grafisk designar Mette Grytten har jobba med Kongleriket heilt sidan Apen Albert og alle dei andre figurane blei skissa og teikna for ti år sidan. Ho fortel at Kongleriket blei til fordi Sparebanken Sogn og Fjordane ville ha sitt eige barnekonsept etter at fleire og fleire sparebankar gjekk vekk i frå den tidlegare Knax-klubben.

–  Vi såg kor viktig det var med ei barnekonsept, og ville bygge vidare på det. Grunnen til at vi ville ha med rolla som sjarmtrollet i Kongleriket, var at vi ville ha ein miks av dei animerte figurane og ein reell karakter som Anna skulle vere. Etter kvart gjekk vi meir over til å fokusere på figurane, men Anna er framleis med på nettsidene våre og i historiene, seier Grytten.

Kristense var med på to fotograferingar, der det blei tatt bilete som skulle brukast til blant anna plakatar, nettside og Facebook.

–  Fotograferinga var veldig kjekt hugsar eg, og eg likte all merksemda. Og ikkje minst det å sjå bileta som etter kvart kom opp rundt om. Det å gå inn på kjøpesenteret i Sogndal, og så hang det plakatar med bilete av meg på, det var stort. Og så trur eg vennene mine også syns det var kjekt å kjenne ho som var avbilda, ler Bjørkhaug.

Følgjer framleis Kongleriket
I dag er Kristense Bjørkhaug 19 år og studerer administrasjon og organisasjonsvitskap ved Universitetet i Bergen. Kongleriket likar ho framleis å følgje med på, og føler at det endå er litt hennar univers.

– Eg er framleis ho jenta i Kongleriket, og om vi kjem inn på temaet så blir det ein fun fact om meg som veldig mange syns er ei artig greie, seier Bjørkhaug.