Bloggserie: Frå BSU til bustad

Bustadlånsforskrifta

8. mars 2018 – Signe Bakke Svarstad

I Norge har vi ei bustadlånforskrift som styrer kva krav som må vere innfridd for at du skal få ta opp bustadlån. Er du kjend med kva desse krava inneber for deg? 

Det er tre hovudfaktorar som spelar inn når ein skal søkje om bustadlån: Eigenkapital, gjeldsgrad og likviditet. Her vil du få ei kjapp innføring i korleis desse faktorane vil virke inn på dine lånemoglegheiter.

Eigenkapital
Ved opptak av lån er det eit krav om at ein må stille med 15% av lånesummen i eigenkapital. Dette vil seie at dersom du skal ta opp eit bustadlån på 2 000 000 kr, må du stille med 300 000 kr sjølv, og dei resterande 1 700 000 kr kan du få i lån frå banken.
Eit alternativ her er å vurdere om det er nokon som kan stille som kausjonistar for deg. Meir om kausjonistar kjem i seinare blogginnlegg.

Gjeldsgrad
Eit anna krav er at den samla gjelda ein har ikkje kan overstige fem gongar brutto årsinntekt, det vil seie årsinntekta di før skatt. Til dømes kan du ha ei samla gjeld på 2 000 000 kr dersom du har ei årsinntekt på 400 000 kr. I denne samla gjelda inngår all gjeld du har, til dømes studielån, forbrukslån og kredittkortgjeld. Om du til dømes allereie har eit studielån på kr 300 000, blir lånesummen redusert til 1 700 000 kr. Eit alternativ er å gå saman med nokon for å kjøpe bustad, då vil gjeldsgraden ta utgangspunkt i total årsinntekt for begge.

Likviditet
Det tredje kravet som blir stilt er til lånetakarens likviditet, altso betalingsevne. Det vil seie at ein må ha moglegheit til å betale ned på lånet i tillegg til dei andre faste utgiftene ein har.

Dersom desse tre krava er oppfylt, vil det ikkje bli problematisk å ta opp ditt første bustadlån. Lukke til!

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad.