Dag Otto Lauritzen: – Eg gler meg!

Dag Otto Lauritzen kjem til Florø 21. mars og Svelgen 22. mars. Meld deg på i dag, før det er for seint.

Treng du litt ekstra motivasjon til å kome i gang med trening? Syklisten, mosjonisten, danseløven og mesternes mester, Dag Otto Lauritzen, kan hjelpe deg.

-Eg gler meg til å kome til Florø og Svelgen neste veke for å halde foredrag. Eg kjem – kjem du?, spør Dag Otto Lauritzen.

For å få dette på plass har vi i Sparebanken Sogn og Fjordane samarbeida med lokale krefter. Arrangementet i Florø skjer i samarbeid med Florø Turn og Idrettsforening medan vi i Svelgen samarbeidar med Svelgen Turn og Idrettsforening. Der vil det vere inspirasjonskveldar med Lauritzen den 21. og 22. mars. Det er gratis inngang, og du kan melde på deg sjølv og ein venn. Påmeldingslenker ligg nede i saka.

Dag Otto kom inn i norsk sykkelsport si historie med gullskrift då han som første nordmann vann ein etappe i verdas hardaste og mest prestisjefylte etapperitt – Tour de France. I dag er han sykkelkommentator for TV 2. I tillegg er han forfattar av bøkene «I form med Dag Otto», «Viljestyrke» og «På tur med Dag Otto».

Meld deg på før det blir fullt!

Florø:

NÅR: Onsdag 21. mars kl 19.00 – 20.30
STAD:  Flora Samfunnshus, kinosalen
KONFERANSIER: Trond Teigene, administrerande direktør i Sparebanken Sogn og Fjordane
Følg denne lenka for å melde deg på i Florø.  (frist 16. mars).

Svelgen:

NÅR: Torsdag 22. mars kl 19.00 – 20.30
STAD: Svelgen Samfunnshus, Storsalen
KONFERANSIER: Linda Stenseth, kunderådgjevar i Sparebanken Sogn og Fjordane
Følg denne lenka for å melde deg på i Svelgen. (Frist 16. mars)