Bloggserie: Frå BSU til bustad

Renters rente

28. februar 2018 – Nikolai Solheimslid Eikås

Ein viktig grunn til at ein bør begynne med sparing så tidleg som mogleg er renters rente-effekten. Men kva er eigentleg renter?

Rente er ein prosentandel av sparepengane dine som banken er villig til å betale deg for at du let dei stå på konto. Prosentandelen angir kva du får for eit heilt år, men du får i realiteten betalt per dag pengane står på konto. Då kan vi forklare renters rente med at pengane dine forrentar seg fleire gonger, og at du får renter av rentene. Denne effekten blir sterkare dess lenger du let pengane stå på konto. Effekten er i grunn veldig enkel, noko vi skal sjå på no.

Sjå for deg at du sparer kr 25 000 på BSU som førstegongs innskot i år 1. Året etter får du utbetalt kr 800 i renter på dette innskotet. Totalt innskot på BSU-kontoen din i år 2 er altså kr 25 800. Sjå får deg at du ikkje sparer noko i år 2. I starten av år 3 vil du då få utbetalt kr 825 i renter. Du får altså utbetalt kr 25 ekstra i år 3, i forhold til år 2, fordi du let pengane stå i ro eit år ekstra.

Les også: 10 enkle sparetips
Les også: Kvifor BSU?

Denne effekten verkar kanskje ikkje veldig stor med det første, men over tid vert den betydeleg. Viss du let dei same kr 25 000 stå i ro på konto i 15 år vil du samla sett få kr 15 099 utbetalt i renter. Totalt innskot på BSU-kontoen din i år 15 er altså kr 40 099. Utan renters rente-effekten ville du kun få kr 9 600 utbetalt i renter. Lærdomen er at ein alltid bør fylle opp BSU-kontoen så fort ein har moglegheit. Nettopp derfor anbefaler vi våre kundar å opprette fast overføring (spareavtale). Då kan ein setje av til sparing med ein gong ein får lønning! Fast overføring kan du enkelt opprette sjølv i nettbanken.

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad. Nye innlegg kjem ein gong i veka.