Bloggserie: Frå BSU til bustad

Kvifor BSU?

21.februar 2018 – Ruben Skrede

Med stigande bustadprisar og eit krav om 15% eigenkapital ved bustadkjøp, gjeld det å kome i gong med bustadsparinga tidleg. Ein BSU-konto er av fleire grunnar den mest gunstige måten å spare til draumebustaden.

BSU’en gjev eit skattefrådrag på 20%, som vil seie at dersom du fyller det årlege maksbeløpet på 25 000, vil du få att 5000,- på skatten for dette året. Føresetnaden for å få dette frådraget er at du har ei skattbar inntekt, og du kan ikkje få meir i frådrag enn det du skattar.

Vidare har kontoen den beste sparerenta banken tilbyr. Pengane «låser» seg ved nyttår, og dermed er kontoen ein god moglegheit til å spare målretta. Merk at for å ta ut pengane til andre føremål enn bustad, må du betale tilbake det du har fått i skattefrådrag.

Enkelte kvir seg for å låse pengane på BSU, men dersom du tenker at du vil kjøpe bustad i framtida vil det uansett vere lurt å setje av litt her. Kanskje ein heller må redusere beløpet man sparar på BSU. Ein lur tommelfingerregel er å setje av fast eit beløp man har råd til å avsjå, t.d. 200-300 kr i månaden.

LES OGSÅ: 10 enkle sparetips

Dersom du ønskjer å spare til bustad, men ikkje har ei skattbar inntekt, vil du med ein vanleg BSU-konto gå glipp av skattefrådraget. Derfor tilrår vi å spare på ein Bustadsparekonto. Denne har også ei god rente, men har ikkje same skattefordelen. Denne kontoen er også fin om du vil spare meir enn den årlege maksgrensa på BSU’en.

Frå BSU til bustad

Frå BSU til bustad er ein bloggserie som tek føre seg heile prosessen frå du startar å spare til etter du har kjøpt deg bustad. Bloggserien gjev deg gode tips og triks på vegen, som skal gjere det litt lettare for deg som tenker å kjøpe bustad. Nye innlegg kjem ein gong i veka.